Hopp til innhold

Norge fekk viljen sin i undertøysaka

FIS gav Norge medhald: Hopparane må ha delt undertøy under hoppdressane også i framtida.

Hoppdress

HOPPDRESS: Her er Daniel Andre Tande hos skreddaren for å prøve hoppdress. Men under dressen skal det vere undertøy i to separate deler

Foto: Andreas Vilberg / NRK

– Kravet om delt undertøy vil gjere det vanskelegare å utnytte undertøyet til å gi strammare hoppdress, seier sportssjef Clas Brede Bråthen til NRK.

Han er glad for FIS-kongressens vedtak i dag.

Det var Norge og Polen som la fram forslaget på kongressen i vår, og fekk gjennomslag. Drakta under dressen – eller undertøyet – skulle bli mindre og vere i to separate deler. Beina på buksa blir kutta over knea, og ermene på t-skjorta blir kutta over albogen, for å ikkje kunne skape strekk.

I fjor blei det påbode å hoppe med belte for å motverje betre oppdrift ved «sagging».

– Målet er å redusere spekulasjonane og mistankane om juks med hoppdressane, seier Bråthen.

Lettare å strekke også hoppdressen

Han seier at med undertøy i eitt stykke var det lettare å strekke den på ein måte som også strekte hoppdressen «usynleg».

FIS-kongressen stadfesta i dag kravet om at hopparane skal ha delt undertøy under dressen i konkurransar. Dette vedtok FIS i vår, men Austerrike – som har utvikla eit samansydd undertøy – anka vedtaket.

I Grand Prix-konkurransane på plast i sommar har det vore kravd delt undertøy.

– Det har gitt resultat i form av færre diskvalifikasjonar på grunn av hoppdressen, seier Bråthen. – Det har vore ein del spekulasjonar knytta til dette, og det er ikkje bra for hoppsporten.

Det har heller ikkje vore sterke reaksjonar på vedtaket i dag, ifølgje Bråthen.

– Det var ein mykje tøffare kamp då vi fekk det gjennom i vår.

Svakt av Austerrike i Grand Prix

Austerrike har gjort det heller dårleg på plast i sommar, men Bråthen vil ikkje vere med på at det skuldast dei nye reglane.

– Eg vil ikkje legge for mykje i det. Austerrike har av og til ei anna satsing på Summer Grand Prix, seier sportssjefen.

NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen trur ikkje dei nye reglane vil gi fordelar.

– Undertøy er noko vi veit har vore manipulert med dei siste åra. Men no er risikoen for det mindre, seier Evensen.

Han meiner også at dei nye reglane kan gjere det lettare for mindre hoppnasjonar.

– Hjelper dei mindre nasjonane

– Dei som ikkje har ressursar nok til å forske på utstyr, får rett og slett ein større fordel. Nasjonar som ikkje har tenkt på å utnytte undertøyet, vil kome nærmare dei beste. Det trur eg er positivt for hoppsporten.

– Kvifor har Norge og Polen pressa fram dette forslaget, og Austerrike vore imot?

– Austerrike har alltid vore langt framme og flinke til å finne nytt heile tida, men no har Norge og andre nasjonar teke att mykje av forspranget. No mister dei endå ein faktor å spele på, seier Johan Remen Evensen.

Siste nytt

  • NM i super-G er avlyst

    Krevende snøforhold gjorde at juryen i NM i alpint så seg tvunget til å avlyse fredagens super-G-renn i Trysil.

    Dermed ble NM-rennene avlyst for tredje dag på rad. Det var heller ikke mulig å gjennomføre utforrennene verken onsdag eller torsdag.

    Begge kjønn skulle ha kjørt renn, men slik blir det ikke.

    Onsdag var det i hovedsak tåken som ødela. Både torsdag og fredag var det mildvær kombinert med nysnø som gjorde at rennene ikke kunne arrangeres.

    Etter planen går lørdagens storslalåm og søndagens slalåm som planlagt. Det er meldt minusgrader til helgen, noe som øker sjansene for at rennene går som planlagt. Begge rennene skal sendes på NRK.

    FIS World Cup utfor kvinner
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Messi scoret sitt mål nummer 800

    Lionel Messi og resten av det argentinske landslaget var for første gang tilbake i hjemlandet for å spille fotballkamp igjen etter VM-triumfen i fjor.

    Panama var motstander, og det ble en historisk aften for Messi. Etter 78 minutter skjøt han et frispark så nære krysset som mulig, men ballen traff metallet. På returen dukket Tiago Almada opp og satte inn 1-0.

    Kun to minutter senere lyktes det skikkelig for Messi. Igjen var det på frispark, men denne gangen gikk den i en vakker bue over muren og inn i nettet.

    Det var Messis mål nummer 800 i karrieren.

    Det argentinske laget ble hyllet med fyrverkeri og allsang på tribunen før kampen, og spillerne stod ute på matta med tårer i øynene.

    APTOPIX Argentina Panama Soccer
    Foto: Gustavo Garello / AP
  • Zuccarello og Wild tapte mot Flyers

    Minnesota Wild og Mats Zuccarello tapte 5-4 for Philadelphia Flyers på bortebane. Kampen endte med shootout.

    Resultatet etter full tid var 4-4, og på overtid ble det ingen mål. I den avgjørende straffekonkurransen trakk Flyers det lengste strået.

    Zuccarello fikk hele 21.55 minutter på isen, og noterte seg for en assist og tre skudd på mål under kampen.

    (©NTB)

    Wild Flyers Hockey
    Foto: Matt Slocum / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste