– Eg hadde ikkje gjort ein sånn type redningsaksjon igjen om det ikkje hadde vore for at det er moderklubben som spør, seier Tom Nordlie.
Da Jørgen Lennartsson i går fekk sparken starta spekulasjonane om ein Nordlie-retur til Åråsen med ein gong. Fem klubbar og elleve år etter at Nordlie trente Lillestrøm sist er han tilbake på Romerike.
Kan stå utan løn i januar
– Det skjer fort i fotball. I går da eg vakna hadde 120 personar ringt meg og det var før LSK kontakta meg ved lunsjtider i går, seier Nordlie om spekulasjonane.
Nordlie har akkurat rykka ned med Skeid frå 1. divisjon, nå skal han unngå at det same skal skje med Lillestrøm i divisjonen over.
Kontrakten han har skrive under med Lillestrøm er berre for dei to kvalifiseringskampane mot Start, men 57-åringen legg ikkje skjul på at han vil ha jobben permanent.
– Eg må gjere det bra slik at dei vil ha meg vidare. Eg tek jo ein sjanse i og med at eg må terminere kontrakten med Skeid og derfor kan stå utan løn i januar. Det var eit dilemma for meg, men eg er fødd og oppvaksen nokre meter herfrå og dette er moderklubben min, seier Nordlie.
Lillestrøm-kaptein Frode Kippe spelte også under førre Nordlie-periode. Midtstopparen meiner valet er spennande.
– Han er veldig klar og tydeleg med tanke på korleis han vil spele. Eg trur han får frem bodskapet bra, og det blir litt endring i det offensive spelet vårt. Så får me håpe at det er det lille som skal til for å vinne fotballkampar, seier Kippe til NRK.
Han har redda klubbar frå nedrykk før, mellom anna Viking og Kongsvinger og trur han kan gjere det igjen i dei to kampane mot Start.
– Eg har erfaring på godt og vondt. Start kjenner eg godt og LSK kjenner eg veldig godt.
Nordlie har også rykka ned frå eliteserien med Vålerenga og tapt to kvalifiseringar til eliteserien med Sandefjord.
Da han trente kvalifiseringsmotstandar Start frå 2003 til 2006 tok laget sølv, men Nordlie måtte gå frå jobben midt i sesongen da dei låg på nedrykksplass.
Den beste til å redde LSK
Lillestrøm meiner dei har tilsett den trenaren som har best moglegheit til å redde laget frå nedrykk.
– Me er veldig glad for å ha engasjert Tom. Han kjenner laget godt og Start godt, og har ein klar ide om korleis me skal behalde plassen i eliteserien. Derfor har me tilsett han for desse to kampane, seier sportssjef, Simon Mesfin og legg til at dei ikkje har snakka med Nordlie om noko meir enn desse to kampane.
– Me har berre hatt fokus på desse to kampane, så er det riktig at me har ein god evaluering av denne sesongen, uansett kva resultatet blir.
For Nordlie blir det mentale viktig inn mot den fyrste av to kampar mot Start i Kristiansand på laurdag. Returoppgjeret går på Åråsen onsdag 11. desember.
– Det handlar om å sette kryss over det som har vore og fokusere på det som me kan gjere noko med. Kunsten i fotball er å tørre å gjere ting enkelt. Det er om å gjere å ikkje gape over for mykje, men det handlar om å vere tydleg og konkret.
I 2006 var han med på å vinne cupfinalen for Lillestrøm, to år etter fekk Nordlie sparken i klubben i hans hjarte. Det gjev han revansjelyst.
– Når moderklubben spør og eg drog ut herfrå litt forsmådd sist gong. Eg bryr meg om klubben av hjartet og har revansjelyst og ein vinnarskalle. Det er moglegheiter her og Start har minst like stort press som oss, meiner Nordlie.