Nora Mørk var på veg tilbake etter korsbandoperasjon i februar, og har jobba hardt for å kome med i EM i Frankrike. Skaden fekk ho i ein meisterligakamp mot danske Nykøbing Falster.
Det var TV 2 som først omtalte saka.
Men no må ho under kniven igjen, melder klubben Györ på sine nettsider. Ho skal ha fått tilbake smerter i kneet. Klubben seier ingenting om når inngrepet skal finne stad.
– Ho har kjent smerter i kneet ei stund, og vi må operere på nytt. Men vi veit ikkje kva vi vil finne, seier kommunikasjonsassistent Tamás Szabó i Györ til NRK.
Sjølv seier ho til TV 2 at ho ikkje veit vegen vidare.
– Det er første gongen eg har kjent på kjensla av å vere knust, å miste motet og motivasjonen, seier Mørk.
– Om eg må sy meniske, kan det bli nye seks månader.
Klubben hadde rekna med at ho ville vere tilbake i slutten av oktober, men det blir ikkje aktuelt no.
– Det betyr at ho blir borte i lenger tid enn det vi hadde trudd, men vi veit ikkje kor lenge. Vi håpar sjølvsagt at det berre er ein liten skade denne gongen.
– Kva trur du om sjansane for EM?
– Det er for tidleg å ha noko meining om. Men det er ikkje lenge til EM, så det ser kanskje ikkje så bra ut, seier han.
For berre nokre dagar sidan sa Mørk til NRK at ho kjempa mot klokka, men skulle gjere alt for å mase seg inn på EM-laget.
Men EM kan ho gløyme, seier landslagslegen.
– EM hang i ein tynn tråd før dette, og no er nok EM uaktuelt, sewier Nils Leraand til NTB.
Han seier at det ikkje gjeld korsbandet denne gongen, men mest truleg mensiken.