NRK Meny
Normal

Sjekk om det blir konge eller dronning i år

12 menn og tre kvinner står i fokus når skyttarkongen – eller dronninga – skal kårast i kveld. Du kan sjå det heile direkte her på NRK.no eksklusivt frå klokka 18.00.

Landsskytterstevnet bilde

I kveld blir det avgjort kven som blir konge eller dronning, prins og prinsesse på Landsskyttarstemnet

Anders Kruhaug er åleine i teten. Bjerkvik-skyttaren som fylte 50 år tidlegare denne veka har 248 poeng før finaleomgangen . Bak han har Tor-Erik Fossli og Hans Vidar Stensrud 247. Resten av feltet har 246 poeng etter 25 innleiande skot.

Mellom dei er Mona Isene, Stine Vågø og Martine Minge. Desse tre leier kampen om å bli skyttarprinsesse.

Dei andre prinsessekandidatane har skote ferdig før. Men prinsessetittelen blir sjølvsagt ikkje delt ut før også dei tre jentene i kongelaget har skote ferdig.

På NRK1 kan du sjå eit samandrag frå prinsesselaget frå kl 18.10 , der altså dei tre beste ikkje er med.

Direkteoverføringa frå Landsskyttarstemnet på Oppdal tek til klokka 18 og blir sendt utan kommentarar. Frå 19.55 får du ein times samandrag med kommentarar og intervju. Det ser du også på NRK1.

Siste nytt

  • Alle tre topplaga tapte

    Både Aalesund, Viking og Sandnes Ulf tapte i dagens runde i 1. divisjon. Resultat: Aalesund - HamKam 1-2, Jerv - Viking 3-2, Mjøndalen - Sandnes Ulf 1-0, Sogndal - Strømmen 5-1, Florø - Levanger 0-2, Notodden - Åsane 0-0, Tromsdalen - Nest Sotra 3-1.

    Eliteserien fotball 2018: Viking - Ålesund.
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • Selvmål reddet Haugesund

    Tromsøs Kent-Are Antonsen scoret kampens eneste mål i oppgjøret mot FK Haugesund søndag. Han satte ballen i feil mål i første omgang, og FKH vant 1–0.

     Kent-Are Antonsen
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
  • Scoret fem mål på 12 minutter

    Sogndal havnet tidlig under 0–1 i søndagens 1.-divisjonskamp mot Strømmen.

    Så scoret Sogndal fem mål fra det 18. til det 30. minutt. Etter en halvtime sto det 5–1 på Fosshaugane. Det ble også sluttresultatet for Eirik Bakkes menn.

    Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0
    Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal