– Sverige kan slå kva som helst slags lag når alt stemmer, skriv Expressens Markus Wulcan i sin kommentar «Det här talar för en ny VM 94-sommar».
Det var nemleg i 1994 Sverige skulle grave etter gull i USA. Fullt så bra gjekk det ikkje. Likevel var det svært imponerande at Sverige tok bronse då spelarar som Martin Dahlin, Thomas Brolin, Thomas Ravelli og Kennet Andersson var på høgdene av karrierane sine – medan Henrik «Henke» Larsson var i starten av sin.
– Noko anna enn Brasil
Sidan den gongen er åttandedelsfinale i 2002 og 2006 Sverige sine beste VM-prestasjonar.
No ser svenskane lengre enn som så. Neste hinder er Sveits i nettopp åttandedelsfinalen.
– Hadde vi møtt Brasil kunne det blitt eit mareritt. Sveits blir noko heilt anna. Dei er tidvis eit bra lag, men trass i alt noko heilt anna enn Brasil, skriv Markus Wulcan.
Og utdjupar:
– Spelar for spelar er Sveits sannsynlegvis eit litt hakk betre enn Sverige. Som kollektiv har dei heller ingen store svakheiter. Men form, energinivå og «Granen» talar for Sverige, meiner kommentatoren – og siktar til den formsterke kapteinen Andreas Granqvist.
Dessutan må Sveits klare seg utan to av sine beste spelarar, backane Stephan Lichtsteiner och Fabian Schär, som følgje av karantenar. Den nyleg Arsenal-klare Lichtsteiner er også sveitsarane sin kaptein.
– Dette kjem til å redusere Sveits ganske kraftig defensivt. Lichtsteiner blir det tyngste tapet, seier Hasse Backe i svensk TV4 ifølgje Aftonbladet.
– Alle er redde
Skulle Sverige slå ut Sveits tysdag kan England bli ein potensiell motstandar i kvartfinalen. Og England er jo ikkje spesielt kjende for å vere best når det gjeld – som forresten er namnet på Sverige sin VM-låt i år.
– Det står igjen mange hinder. Men vi er på den lettaste sida av sluttspeltreet og kan kanskje, kanskje ha ein ny 1994-sommar framfor oss, skriv Markus Wulcan i Expressen.
Kommentatoren får støtte av dei svenske spelarane.
– Det kan absolutt blir ein ny 1994-sommar. Alle er redde for oss, seier Jimmy Durmaz til Aftonbladet.
Durmaz, som var fem år den VM-sommaren, er likevel klar på at svenskane ikkje tek av enno.
– Vi kan nå langt. Men vi er nøydde til å fokusere på neste kamp. Det trur eg er viktig, seier midtbanespelaren.
Og får støtte av lagkameraten Gustav Svensson.
– Vi var vist at vi kan slå kven som helst. Eg trur vi kan nå veldig langt, seier Svensson til Aftonbladet.