Hopp til innhold

Ramm til sjukehus etter TV-innspeling: – Rein og skjær panikk

Det vart dramatisk då Nicolay Ramm og Oskar Westerlin var på TV-innspeling i Abu Dhabi. Ramm skadde seg i ein velt med firhjuling – ein skade som framleis pregar han.

Oskar Westerlin og Nicolay Ramm

PREGA: Oskar Westerlin var svært prega då Nicolay Ramm vart skadd under innspelinga av Heilt Ramme sportar.

Foto: Nils Fredrik Røren / NRK

– Eg håpar ikkje eg øydela beinet hans no. Herregud.

Slik reagerte påverkar og TV-profil Oskar Westerlin etter at UTV-en han køyrde velta oppå foten til passasjer Nicolay Ramm.

Dei to var i Abu Dhabi-ørkenen i samband med innspelinga av episoden av NRK-serien Helt Ramme sportar. Ulykka skjedde i desember.

Idrettsgalla 2023

PROGRAMLEIAR: Nicolay Ramm er programleiar i Heilt Ramme sportar. Her er han avbilda under Idrettsgallaen 2023.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Bileta frå ulykka viser nokre dramatiske minutt, der Ramm skrik ut i smerte medan Westerlin og fotografen prøvar å løfte UTV-en bort frå foten til NRK-profilen.

Medan duoen ventar på å bli frakta til sjukehuset, er det tydeleg at sjåfør Westerlin er svært engsteleg for situasjonen til Ramm.

Eg hadde veldig dårleg samvit. Eg hadde det ikkje moro der. Det var eg som var sjåfør og det var derfor mitt ansvar ved ein krasj. Eg hadde vondt, seier Westerlin til NRK no.

  • For ordens skyld: Nicolay Ramm er tilsett i NRK Sport, men var ikkje involvert i det redaksjonelle arbeidet med denne saka.
Nicolay Ramm og Oskar Westerlin

Frykta beinbrot

Ulykka skjedde i samband med synfaringa av løypa dei to skulle konkurrere i under VM i ørkenløp dagen etter. Duoen fortel at UTV-en velta då Westerlin svinga og kom borti eit område med meir tettpakka sand enn elles.

– På eit eller anna vis hamnar beinet mitt under bilen. Det innsåg eg først då eg låg der. Då tenkte eg «no har eg fleire hundre kilo bil på beinet mitt». Vi fekk panikk og det høyrer ein i opptaket. Der og då trudde eg at eg var kvesta for livet, seier Ramm.

NRK-programleiaren vart hasta til sjukehuset i Abu Dhabi. Han frykta at beinet var brekt, men fekk raskt beskjed om at beinet «berre» var kraftig forslått.

Nicolay Ramm

FEKK BEHANDLING: Nicolay Ramm måtte på sjukehus etter ATV-uhellet.

Foto: Nils Fredrik Røren / NRK

Vart kvalm av å sjå ulykka på nytt

Sjølv om sjukehusopphaldet vart kort, sette skaden han ut av spel i lang tid. Ramm fortel at han hadde smerter i foten i fire månader, og at han framleis er prega. Han måtte difor flytte ein av turane som var planlagd i samband med TV-serien.

34-åringen vart kvalm då han såg videoen av hendinga for første gong.

Oskar Westerlin

BLIR IKKJE KLANDRA: Nicolay Ramm ber ikkje nag overfor Oskar Westerlin (biletet) etter ulykka.

Foto: Tuva Åserud / NTB

– Eg fekk traumatiske flashbackar av å sjå det igjen i starten. No har eg heldigvis sett det nokre hundre gonger. Første gong var ganske ubehageleg. Og ikkje minst av å høyre lyden eg lagar. Det er rein og skjer panikk, seier han.

Ramm forsikrar Westerlin at han på ingen måte klandrar han for ulykka.

– Dette var rein og skjer uflaks. Det var eit «guttastemning-augneblink» der ting gjekk litt over styr, seier han og smiler.

Oskar Westerlin og Nicolay skal delta i VM i ørkenløp i Abu Dhabi – også kjent som «verdens hardeste halvmaraton». Én av dem kommer aldri til start.

SJÅ EPISODEN: Oskar Westerlin og Nicolay skal delta i VM i ørkenløp i Abu Dhabi.

NRK-sjef meiner tryggleiken var vareteken

Anders Rove Bentsen, redaksjonssjef for utvikling, har ansvar for innspelinga av TV-serien. På spørsmål om tryggleiken var godt nok vareteken under innspelinga, svarer han:

– Vi ønskjer naturlegvis ikkje at nokon skal bli skadde på opptak, og tek derfor tryggleiken på største alvor. Før dette opptaket gjorde vi ein grundig risikoanalyse. Under køyringa i ørkenen hadde vi mellom anna eit team som følgde Oskar Westerlin og Nicolay Ramm tett heile vegen. Ramm og Westerlin brukte også både hjelm og belte heile tida.

– Dessverre skjedde det ei ulykke som naturlegvis ikkje var planlagd. Då uhellet først var ute, gjekk det i røynda berre nokre sekund før teamet fekk løfta bilen vekk frå Nicolays fot. Han vart så frakta bort i ein bil frå arrangøren og umiddelbart køyrd til sjukehus der han vart godt vareteken. Nicolay var aldri åleine på sjukehuset.

Bentsen legg til at Ramm har sjølv vore med å klippe episoden og godkjend at bileta kan brukast.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal