I natt sikra St. Louis Blues seg sitt fyrste Stanley Cup-trofé etter at dei slo Boston Bruins 4–1 i den avgjerande sjuande kampen i finaleserien.
Hos finaletaparane var det ein nordmann på benken. Kim Brandvold er nemleg skøyte- og teknikktrenar i NHL-klubben Boston Bruins.
Roy Kvatningen, som driv hockeynettstaden nitten.no og følger NHL tett, beskriv Brandvoll si rolle som «den viktigaste for spelarane i moderne ishockey».
– Tempoet i ishockey er i dag så mykje høgare enn det var berre for nokre få år sidan. Er du ikkje rask vil du ha store problem med å få spele i NHL, og i vert fall med å markere deg såpass at du kan legge deg opp litt pengar, seier Kvatningen til NRK.
Ein audmjuk Brandvold er ueinig i at hans rolle kan beskrivast som den viktigaste.
– Mi rolle er heilt klart ikkje den viktigaste, men det er ei rolle som heilt klart blir meir og meir populær i dei fleste lag rundt om i ligaen, og som blir prioritert på grunn av aukande krav til individuelle ferdigheiter i sporten generelt.
Valde vekk spelarkarriere
Som ung var 37-åringen sjølv aktiv ishockeyspelar. Han står med kampar for Norges juniorlandslag, både på U18-nivå og U20-nivå.
Etter fem år som spelar i USA, fire av dei på universitetsnivå og eitt av dei som proff i Central Hockey League, skjønte han at han aldri ville nå toppen som ishockeyspelar.
Da valde han å legge opp og heller satse på ein trenarkarriere.
Sidan 2016 har han vore fast tilsett i Boston Bruins. Der jobbar han også med farmarlaget Providence Bruins.
Han fortel at ein vanleg dag på jobben går ut på å hjelpe spelarane med detaljar som ofte blir oversett.
– Hovuddelen består av individuell trening på isen, men eg hjelper også til med personleg utvikling med individuelle ting som ein ser på video, seier Brandvold om jobben.
Venta eit stort trykk
Før den viktige kampen i natt vedgjekk trenaren at han kjende seg bra, men at han nok kom til å kjenne på nervane når det nærma seg kampstart i Boston.
Han sa at heile klubben er stolt av det dei har prestert denne sesongen.
– Alle i klubben håpar sjølvsagt at det går vegen. Stemninga i byen er veldig god, og det blir nok eit utruleg trykk i hallen, fortalde Brandvold.
Det gjekk ikkje som nordmannen håpa. Bruins var det førande laget i fyrste periode, men St. Louis var mest effektive. Ryan O'Reilly scora etter 16 spelte minuttar og Alex Pietrangelo la på til 2–0 tre minuttar seinare.
Etter ein mållaus andreperiode avgjorde bortelaget i tredje, med scoringar frå Brayden Schenn og Zach Sanford. Matt Grzelcyks sikra eit trøystemål for Bruins, men det var Missouri-laget St. Louis som kunne heve troféet for aller fyrste gong.