– Ein har lyst til å bli framstilt som eit glansbilete heile tida. Ein vil ikkje vere den som sit og har det dårleg, fortel ei ærleg Tiril Eckhoff til NRK.
Ho har nettopp fullført opningshelga for skiskyttarane på Sjusjøen. Det enda med 2.-plass i sprinten og 6.-plass på fellesstarten.
Og det er ei tung bør Eckhoff har på skuldrene sine. Ho er utpeika til å nærmast åleine føre arva frå Tora Berger vidare. Men no har ho slutta å la forventingane gå inn på seg.
Tårevått
Eckhoff fekk sitt plutselege gjennombrot for to år sidan. Då rann det over i eit intervju med NRK.
– Det er baksida med å plutseleg vere stjerne. Då er eg på ein måte bilete på at det går dårleg, sa Echkoff medan tårene rann.
Når Eckhoff får sjå igjen det to år gamle intervjuet ler ho høgt.
– Eg har ikkje noko lyst til å sjå det, eg blir litt flau. Det er ikkje vanleg å grine på tv.
Eckhoff smiler medan ho tenkjer attende på situasjonen ho var i då intervjuet blei gjort.
– Der hadde eg det kjipt, fortel skiskyttaren.
VM-dronninga
Men det er ikkje den einaste gongen Eckhoff har vist kjensler på TV.
Under VM i Holmenkollen førre vinter såg det mørkt ut då ho bomma på skot etter skot på innskytinga til sprinten.
Men Eckhoff slo attende og trefte på alle ti skota i konkurransen. Det hadde ho aldri gjort i konkurranse før.
I intervjusona etter målgang strøyma gledestårene på.
– Det er so gøy, og mamma og pappa og alle vennene mine var og såg på, hiksta Eckhoff.
Og også på stafetten stakk Tiril Eckhoff og Norge av med gullet, men etter det var det heilt stopp.
Utlada
Resten av sesongen var ikkje Eckhoff i nærleiken av å hevde seg.
– VM var ein stor utlading, heile sesongen var over for ho etter det, seier pappa Knut Eckhoff til NRK.
Men i år har ho eit heilt anna forhold til dei forventningane som ligg på skuldrene hennar.
– Eg likar å tru det i alle fall. Eg har jobba mykje mentalt.
Det trur også lagvennina Synnøve Solemdal.
– Ho er tryggare. Ho har VM-sigeren i boks, og det verkar som det er herleg å ha den.
Men Eckhoff innrømmer likevel at ho vil fortsette å jobbe med kjenslene.
– Eg må slutte å grine, men eg blir nok ikkje følelseslaus eller kynisk. For ein slik person er eg ikkje. Men eg har nok lært mykje