11. september i fjor vann nemleg Murray sin
. Då var det 76 år sidan sist ein brite hadde vunne ein Grand Slam-tittel. I år tok han sin andre tittel då han .Briten hadde eit håp om å forsvare fjorårets US Open-triumf, og vegen til kvartfinalen var relativt grei for Murray. I kvartfinalen venta Stanislas Wawrinka, ranka som nummer 10 i verda.
Det blei langt tøffare enn venta for førehandsfavoritten frå Skottland.
Fekk sveitsisk juling
Wawrinka har hatt ein litt tøffare veg enn Murray på vegen til kvartfinalen. I 4. runde slo han ut tsjekkiske Tomas Berdych som er ranka som nummer fem i verda.
I kvartfinalen var polakken i storform. Han køyrde til frå start, og fekk med seg første sett med siffera 6–4. Andre sett blei vunne 6–3.
I tredje sett følgde Murray Wawrinka til 2-2, før den tianderanka tennisproffen drog frå. Han tok to games då Murray serva, før han avgjorde til 6–2 på eigen serve.
– Det følest heilt utruleg, særleg etter ein sånn kamp mot den regjerande meisteren. Det var vanvitig for meg å slå han i tre sett, sa Wawrinka etter kampen.
Murray: – Ei skam
Den tapande kvartfinalisten frå Skottland var full av lovord om sin sveitsiske motstand.
– Han spelte fantastisk. Det var det som var det vanskeleg med kampen. Han trefte ballen ekstremt bra, og eg fekk ingen brotsjansar. Han spelte rett og slett for bra, sa Murray ifølgje NTB.
– Eg skulle ønskje eg kunne spelt litt betre. Det er ei skam at eg måtte spele ein dårleg kamp i dag, slo ein skuffa 26-åring fast.
Kan møte verdseinaren
Medan Murray må slikke såra, ventar semifinale for Wawrinka.
Der møter sveitsaren anten verdseinar Novak Djokovic eller Mikhail Youzhny. Serbiske Djokovic møter russiske Youzhny i den siste kvartfinalen natt til fredag.
Kven som spelar i den andre semifinalen blei klart natt til torsdag. Richard Gasquet slo ut David Ferrer og møter Rafael Nadal – som slo ut landsmannen Tommy Robredo.
- Les også:
- Les også: