No møter franskmannen høgst truleg ein Rafael Nadal i superform i semifinalen. Nadal møter Tommy Robredo i den andre av fire kvartfinalar onsdag – som blir spelt natt til torsdag norsk tid.
- Les også:
Ferrer på veg mot snuoperasjon
Før matchen var David Ferrer, ranka som nummer fire i verda bak Novak Djokovic, Andy Murray og Rafael Nadal, favoritt – men ikkje soleklar favoritt.
Franske Gasquet er nemleg ranka som nummer ni i verda, og slo ut 11.-ranka Milos Raonic i fjerde runde.
Mot Ferrer var Gasquet klinisk i opninga.
I første sett blei det 6–3 til Gasquet, før franskmannen følgde opp med 6–1 i andre sett. Så vakna Ferrer.
Spanjolen, som har vore litt i skuggen av landsmann Nadal, slo til med 6–4 og 6–2. Dermed måtte alt avgjerast i siste sett.
Avgjorde på eigen serve
Settet opna spennande, og dei to følgde kvarandre til 1-1 og 2–2 i games.
Så gjekk Gasquet opp til 5-2, før Ferrer reduserte til 5-3. Med servefordelen henta franskmannen heim semifinaleplassen til 6–3.
No kan den nianderanka franskmannen fort møte ein Nadal i superform.
Dei to andre kvartfinalane i US Open blir spelt torsdag. Verdseinar Novak Djokovic møter russiske Mikhail Youzhny (24), medan Andy Murray (3) møter Stanislas Wawrinka (10) i den fjerde kvartfinalen.
- Les også: