– Du står på startstreken og tenkjer at ingenting er bra nok lenger.
Ragnhild Mowinckel har aldri hatt det tøffare som idrettsutøvar. I fjor peika pila rett opp. Molde-jenta var heilt oppe på ein femteplass i eit storslalåmrenn i verdscupen og hadde fleire plasseringar topp-10, også i VM.
I år skulle ho jakte sin fyrste pallplass.
– Gått kraftig motsett veg
– Eg auka jo forventingane til meg sjølv og alle utanfrå etter fjorårssesongen. Alt det har eg rett og slett ikkje klart å leve opp til. Hovudfokuset var storslalåm i år, men der har det jo gått kraftig motsett veg, seier ei ærleg Mowinckel.
Vinteren har særleg vore tøff mental. Nesten kvar helg har Mowinckel køyrt renn på renn rundt om i Europa og Nord-Amerika, men oppturane og topplasseringane har mangla.
Den hardaste jobben har vore å jage dei negative tankane.
– Det har vore ein stor prosess for min del. Du blir liksom din største fiende og det er dine eigne tankar som øydelegger for deg sjølv kvar einaste gong. Du har folk rundt som seier det er bra nok, berre gjer det beste du kan. Likevel tenkjer du at ingenting er bra nok.
Men Ragnhild Mowinckel nektar å grave seg ned. Det kunne jo vore så mykje verre. Den tredoble juniorverdsmeistaren har eigenleg aldri kjent på ein slik motgang som i år.
– Ein gong må det jo duppe litt. Alt har jo gått oppover dei siste åra og eg har ikkje hatt mange nedturar på min korte karriere. Eg tenkjer at det her var veldig planlagt og iskald berekning i år som det ikkje er VM eller OL, seier ho og ler.
St.Moritz er favorittløypa
Nå er 23-åringen på plass i favorittbyen St.Moritz, men det var ikkje ei sjølvfølge. Berre dei 25 beste i kvar disiplin får køyre verdscupfinalen og Mowinckel kom seg såvidt inn som 23 kvinne i storslalåm og 24 i super-G.
– Eg er veldig glad eg klarte å karre meg hit. St.Moritz er verkeleg ein plass eg elskar. Det er her eg har hatt alle mine beste resultat, gliser Mowinckel.
I 2013 vann ho to renn i Europacupen i den sveitsiske alpebyen, i fjor køyrde ho sitt aller beste super-G-renn i verdscupen med sjuandeplass.
Nå håpar Mowinckel at nedturen har begynt å snu, etter sjuandeplassen i Jasna for to veker sidan.
– Det er på bedringens veg og det har snudd litt i det siste. Ein eller anna gong bør eg vinne her, sjølv om det nok ikkje skjer denne veka.
Verdscupfinalen i super-G for kvinner ser du frå 11.25 på NRK1.