– Kanskje kan Magnus Carlsen Roma møte Magnus Carlsen Lommedalen ein gong i framtida, ler NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
– Han kan bli ein farleg motstandar.
Han ser eit opptak av fem år gamle Magnus Carlsen Roma frå småbyen Rizal på Filippinane som spelar simultansjakk med 10 personar samstundes.
Han spelar sjakk som ein proff, fortalde skribenten Chino Trinidad i GMA News i fjor.
– Han er eit ungt sjakktalent som foreldrene trudde skulle bli eit sjakktalent. Derfor gav dei han det namnet, seier Bae. – Og eit lite sjakkgeni som satsar knallhardt på sjakk har det blitt.
Trudde det var eit jippo
Han er ikkje overraska over at Magnus Carlsens namn blir brukt også på andre kantar av verda.
– Sjakk er ein verdsidrett. Og Magnus har ein image som ein type som er nytt for sjakken. Vår Magnus Carlsen er ei stjerne, og eit resultat av det er tanken om at «mitt barn skal faktisk heite Magnus Carlsen». Det er det ikkje så mange nordmenn som opplever.
Bae trudde først at Magnus Carlsen Roma var eit reint jippo.
– Men han er fem år, har funne gode opningstrekk og har lært ein fast metode. Det ser også ut til at han ser på andre nedskrivne sjakktrekk. Han har framtida framfor seg.
Betre enn norske Magnus
Torstein Bae merker seg og at den filippinske femåringen ligg langt framfor norske Magnus Carlsen på same alder.
– Han tok til å bli god først då han var 8-10 år. Ikkje lenge etterpå var han stormeister, så han hadde ei eksplosiv utvikling. Men fireåringar som greier å spele simultan mot ti stykke på ein gong, er heilt fantastisk.
Simultansjakk er å spele mot fleire spelarar på ein gong.
– Det er slikt som berre meistrar brukar å prøve på, så det er litt spesielt at ein femåring også greier det, seier Torstein Bae.