- Slik var:
– I pausen måtte vi gjere noko, og det fungerte. Vi er meir fysiske, og meir direkte. Jo Inge er stor og tøff i dag, og Chima – som har fått mykje kritikk – scorar to, sa Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til CSports etter kampslutt.
I pausen Aliou Coly inn for Zlatko Tripic, medan rutinerte Daniel Berg Hestad tok over for Magnar Ødegaard. Til slutt var det ei perfekt pasning frå Coly som enda i 3-2-scoring på Alfheim til Molde sin første bortesiger.
– Det er kjekt. No har vi tre sigrar på rad, to i serien og éin i cupen. Det er viktig med stabilitet, og gutane liknar meir på seg sjølv igjen. Det er godt for meg å sjå, sa Solskjær.
Utlikna etter praktangrep
Allereie i det 7. minutt kom den første scoringa på Alfheim. Etter ein corner heada Mattias Moström i stolpen, før Daniel Chima Chukwu stupheada inn 0-1 på returen.
Etter 24 minutt kom utlikninga på Alfheim. Remi Johansen slo fint inn frå høgre, før angripar Aleksandar Prijovic heada ballen perfekt tilbake i feltet. Der kom Magnus Andersen stormande og banka inn 1-1 på halv volley.
Berre tre minutt seinare, i det 27. minutt, kom 2-1. Ein Tromsø-corner treff Remi Johansen som headar 2-1 i mål på svært vakkert vis. Ballen går via tverrliggaren og i mål, og Molde-keeper Ørjan Håskjold Nyland når ikkje opp.
Kampen snudd - igjen
Tromsø opna andre omgang best, men ein solid Ørjan Håskjold Nyland i Molde-buret hindra 3-1 på Alfheim.
I staden kom 2-2. Chima Chukwu kriga og krangla med seg ballen forbi både Hans Norby og keeper Marucs Sahlman, før han enkelt la utlikninga i mål i det 61. minutt.
Etter 69 minutt kom 2-3. Molde-innbyttar Aliou Coly spelte Jo Inge Berget perfekt gjennom på venstresida. Vingen skar inn og avslutta, men Sahlman redda. På returen kom derimot Mattias Moström stormande og sende Molde opp til 2-3.
Det stod seg til full tid.
Saka held fram under bildet.
Lys i tunnelen etter bortemareritt
Før Tromsø-kampen hadde det lysna litt for Molde, med åtte poeng sine fire siste kampar.
Dårleg heimestatistikk, med fire tap og tre sigrar, men før 3-2-sigeren på Alfheim stod Molde utan bortesiger. Fem uavgjort på dei fem siste bortekampane var ståa.
For Tromsø blei dagens tap det andre heimetapet. Det solide heimelaget hadde fem sigrar og eitt tap før møtet med Molde.
Etter kampen klatra Molde heilt opp i ryggen på Tromsø. Dei låg på 14. plass, kvalifiseringsplassen, før kampen, men er no på niandeplass med 17 poeng. Tromsø ligg på åttandeplass med 19 poeng.
- Les også:
- Les også: