Laget frå rosenes by har hatt ein overraskande trøblete sesongstart.
– Til sjuande og sist kjem det av at vi ikkje var i så god form som vi burde vere. Og det er mitt ansvar, seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til moldefk.no.
Dei siste fire kampane har derimot enda med to sigrar og to uavgjort, og Molde plukkar poeng igjen. Solskjær trur spelarane har funne tilbake til seg sjølve.
– Dei 5-6 første kampane gjorde noko med gutta. Det såra stoltheita deira, men eg sa det etter kampen sist. Vi gjorde opp ei evaluering på siste treningsleir i Spania. For då hadde det vore dårlege resultat, dårlege prestasjonar og vi hadde eit møte der eg sa at dei verka litt for nøgde med å gå gjennom treningskampane utan at dei betyr noko.
– Det har vi tatt tak i sidan byrjinga av mars, og no er dei seg sjølve igjen, seier Ole Gunnar Solskjær.
– Godt budde på Tromsø
– Tromsø på Alfheim er vel ei hard nøtt å knekke?
– Det har blitt slik at veldig mange lag er gode heime. Strømsgodset og Tromsø er mellom dei vi veit er tøffe å møte borte. Men vi har ein god statistikk på Alfheim. Vi vann der i 2011, medan det blei uavgjort i fjor. I cupen i fjor var dei betre enn oss, men no skal vi vere godt førebudde, seier Solskjær.
Molde-trenaren legg ikkje skjul på at det er eit revansjelystent Molde-lag som møter Tromsø i dag.
– Vi må konsentrere oss om serien, ta poeng etter poeng, klore til oss det vi kan og klatre på tabellen.
Tilbake til Høgmo-tida
Per-Mathias Høgmo gjekk av som Tromsø-trenar etter førre sesong, og inn kom Agnar Christensen, som var assisterande trenar under Høgmo. Tromsø ligg før dagens kamp på åttande plass. Molde kjempar framleis i botnen av tabellen, på ein 14. plass.
Ole Gunnar Solskjær tur det blir tøft for tromsøværingane å takle tapet av fleire nøkkelspelarar.
– Eg trur dei kan få det tøft. Dei har nett mista Ruben Yttergård Jensen, Kara har gått og dei har fått inn nye unge spelarar.
Solskjærs Molde har også mista ein av sine nøkkelspelarar, då Magnus Wolff Eikrem i slutten av juni slutta seg til nederlandske Heerenveen.
Solskjær meiner Tromsø under Christensen liknar mykje på Tromsø under Per-Mathias Høgmo. Det blir difor få overraskingar for Molde på Alfheim i dag, i følgje Molde-manageren.
– Dei prøvde 4-1-2-3 tidleg, men har no gått litt tilbake til meir Tromsø som vi kjenner under Per-Mathias Høgmo synest eg.
Christensen: – Tøff motstandar
Agnar Christensen har store sko å fylle, når han denne sesongen har tatt over sjefsstolen på Alfheim etter Per-Mathias Høgmo. Han meiner tabellposisjonen til Molde lyg, og forventar eit tøft oppgjer.
– Dei har hatt ein svak seriestart i forhold til det som var venta, men dei verkar til å vere tilbake på sporet og har funne motivasjonen og spenninga i spelargruppa som gjer at dei leverer igjen. Det er ein veldig tøff motstandar som kjem til Alfheim på søndag, seier Christensen.