– Første regel i fotball er å springe meir enn motstandaren og å ville meir enn motstandaren. Det er største forskjellen her i kveld, og eg reknar med spelarane lærer ganske mykje av dette.
Det sa ein lett oppgitt Molde-manager Ole Gunnar Solskjær etter braktapet mot KBK.
Den dobbelt regjerande seriemeisteren stilte svært ungt, med unntak av ringrevane Magne Hoseth og Daniel Berg Hestad, mot eit tent og heller toppa Kristiansund.
Resultatet av det blei 5–0 til det nyopprykka laget på Nordmøre.
Banan-dobbel
Laga var einige om å spele 3x30 minutt på Idrett, heimebana til Kristiansund. Ikkje hadde det mykje å seie, for gjennom heile kampen ville heimelaget mest.
Etter 7 minutt kom 1-0, signert tidlegare Stabæk-spelar Jan Banan Tømmernes. Spissen lurte offsidefella og sette ballen i nettet bak Ørjan Håskjold Nyland i Molde-buret.
Same mann scora 2–0 i det 36 minutt. Ein corner blei svinga inn der Tømmernes enkelt la ballen i mål etter ei feila utboksing.
3–0 kom etter 42 minutt der KBK. Éin av KBK sine mange nye spelarar før årets sesong, Jean Alassane Mendy, plukka ballen frå Magnar Ødegård og banka inn det tredje målet i kampen.
I det 57. minutt auka tidlegare MFK-spelar Simon Markeng til 4-0, før Andreas Rødsand avslutta med 5–0 i det 81. minutt.
– Vi pratar ikkje om opprykk
Regjerande seriemeister Molde, som satsar hardt mot Champions League, måtte gå slukøyra av banen. KBK kunne derimot juble.
– I dag er vi gode. Vi er gode gjennom heile kampen og vi er best på det meste, kommenterte trenar Geir Bakke.
– Kva Molde har lagt i denne kampen brukar ikkje vi energi på. Vi er ute etter å få ting til å fungere og det får vi til i dag, gliste KBK-trenaren.
Så langt i treningskampane har ikkje det nyopprykka laget sloppe inn eitt einaste mål. Og det mot gode motstandarar i AaFK, regjerande cupmeister Hødd og sist ut Molde.
– Kan vi allereie prate om opprykk?
– Vi pratar ikkje om opprykk, nei. Vi pratar om at vi skal bli betre og i dag spelar vi ein god fotballkamp.
– Men eg trur dei fleste har fått med seg at vi har verka solide no i vinter, det trur eg, seier Bakke.
Solskjær: – Horribelt forsvarsspel
For Kristiansund var både resultatet og vel 600 tilskodarar på kampen gledeleg. For Molde og Solskjær var det lite å glede seg over.
– Eg har lært ganske mykje om ein del av spelarane, om kven du kan stole på og ikkje stole på, sa ein krystallklar Molde-manager til NRK etter kampen.
Han meiner dei gir vekk tre mål på grunn av «horribelt forsvarsspel».
– Eg vil ikkje ta frå dei unge lysta til å spele fotball og det å spele ut bakfrå. Men du må lære når du skal spele fotball og når du skal slå den så langt og høgt opp som mogleg.
Om motstandar Kristiansund hadde han derimot ein del gode ord:
– Dei har ikkje sloppe inn mål enno, og akkurat no er dei best i fylket, humra Solskjær, som ikkje vil legge press på fylkesnaboen.
– Det er viktig med ein god start, og dei må ta med seg mykje frå denne kampen. For det er ikkje berre at vi er dårlege, det er mykje at Kristiansund er eit godt lag òg, avslutta Solskjær.