– Eg vil helst ha skodde, og det er det meldt mykje av fredag. Då er det knapt nok mogeleg så sjå nokon ting, og då betyr ikkje startposisjonen min så veldig mykje, seier Andreas Mikkelsen.
I VM-samandraget ligg han nede på 12.-plass etter 11 av 13 rally. Andreplassen i Tyskland er hans klart beste plassering i år, men han har berre køyrt fire rundar i den gjevaste klassen.
Allereie i kveld startar Rally Wales, det nest siste i årets VM.
Den norske rallykøyraren seier at han vil slåst for sigeren i Wales, men at han er litt hemma av sin startposisjon. Fordi han ikkje har samla så mange poeng tidlegare i år, må han starte blant dei siste, og det er ei ulempe.
– I slik skodde har du omtrent nok med å finne fram. Eg håper rett og slett på drittforhold den første dagen.
Leia i Spania, men måtte bryte
Andreas Mikkelsen leia Rally Katalonia i Spania etter første dag, då løpet gjekk på grus. Men på asfalt dagen etter gjekk det ikkje like godt, og til slutt måtte han bryte etter eit uhell.
Men i Wales blir det berre grus, og det likar Mikkelsen. Særleg dersom grusen attpåtil er våt.
– Rally Wales er eit krevjande løp fordi vêret brukar å vere dårleg. Regnet og skodda gjer vegane gjørmete og glatte, seier Mikkelsen.
Og det er føre som passar den norske føraren.
Gode erfaringar frå Wales
– Eg kjem frå Norge og er van med dårleg ver og glatte forhold, seier Mikkelsen. Han har mykje erfaring frå vegane i Wales, og det var der han starta karrieren. Der har han også gjort det godt i tidlegare VM-rundar.
– Når du køyrer mot folk som er vane med godt ver, kan regn og skodde vere ein fordel, seier Mikkelsen.
– Eg gler meg til utfordringa. Og vegane er stort sett like frå år til år, så eg kan dei veldig godt.
– Kva er målet ditt i Wales?
– Å fighte i fronten, og å slåst om sigeren. Eg veit at vi har farten inne på desse vegane, og testkøyringa har vore god. Vi må berre få til ei feilfri helg.
VM blir avslutta med ein runde i Australia midt i november. Det løpet vann Andreas Mikkelsen i fjor.
– Derfor gler eg meg ekstra mykje til det.