– Vi tok ein kalkulert risiko ved å setje inn Alexander, seier LSK-trenar Arne Erlandsen til NRK.
– Det blei ikkje stilt opp mur, så det var berre å klinke til. Eg har eit ålreit skotbein, så dei kan ikkje la det vere ope der.
– Kva betyr det for deg?
– Det betyr mykje for sjølvtillit og for laget at vi går til semifinalen – det blir ikkje betre enn det, seier Melgalvis.
– Tre fine scoringar
Litt av eit comeback av mannen som fekk ein ankelskade i ein treningskamp i slutten av juli, og som fekk legebeskjed om at sesongen var over.
– Det var ei avriving i eit leddband ankelen. Det ville ta seks uker i utgangpunktet. Men det har berre gått fire veker sidan skaden. Eg har kjent meg ganske bra, og hadde ei økt torsdag der eg prøvde skikkeleg. Då valde Arne å putte meg inn frå start. Det er eg takknemleg for, seier han.
Trenar Arne Erlandsen var ein glad mann.
– Vi har tre fine scoringar. Og det er litt ekstra når Alexander får slik drag i kula som han kan. Strålande frispark, artig å sjå på, seier Erlandsen.
Med 3-1 over Stabæk er Lillestrøm det andre laget som er klare for semifinalen i cupen.
Det stod 1-1 etter første omgang, men den største dramatikken kom eit snaut kvarter etter pause.
Scoring og direkte raudt
Først sende Marco Tagbajumi Lillestrøm i leiinga 2-1 etter veggspel med Simen Kind Mikalsen.
Minuttet etterpå var Erling Knudtzon på veg mot ny scoring og 3-1. Men han kom aldri så langt, for han deisa i bakken etter takling av Andreas Hanche-Olsen. Det gav direkte raudt, og Stabæk måtte avslutte med ti mann.
Det var sesongen ikkje. Skaden var langt mindre en frykta, og i dag var han tilbake på bana. Og ankelen verka veldig bra.
Det gjekk ikkje mange minutt før det stod 1-1. Luc Kassis hjørnespark blei godt forvalta av John Hou Sæter, som scora via tverrliggaren.
Stabæks 10 mann pressa sterkt mot slutten. Det gav store kontringar, og Fredrik Krogstad sette inn 3-1 på overtid.