Dani Alves har tre meisterliga-titlar med Barcelona. Torsdag kveld regisserte han målet som førte han nærare den fjerde i karrieren.
Brasilianaren mottok ein strøken langpasning frå argentinske Paolo Dybala, og la inn med hælen til dagens store frontfigur, argentinske Gonzalo Higuain.
Det brasiliansk-argentinske samarbeidet førte til 1-0.
Og seinare 2-0 i første semifinalekamp.
I andre omgang kombinerte trioen på ny. Dybala pressa Monaco til balltap, og Alves la strøkent inn til ein iskald Higuain, som noterte seg for dagens andre.
– Det er ikkje ferdig, men to mål var veldig viktig for oss i dag, seier Giorgio Chiellini.
Møtte forsvar med super-statistikk
Higuains prestasjon i meisterligaen er oppsiktsvekkande nok. For andre gang i karrieren gjekk spissen av banen med to nettkjenningar, ifølge Sky Sports.
Før kampen kunne kanalen også melde at det skulle bli tungt for Monacos stjernegalleri å score på italienarane, sjølv om det franske laget hadde bøtta inn 21 mål i årets meisterliga.
For Juventus, med Gianluigi Buffon mellom stengene, hadde bare sluppe inn to mål i Europa denne sesongen.
Den statistikken står fortsatt for Torino-lagets defensive linje.
– Det er ikkje bare forsvaret, men heile laget som hjelper oss med å halde tett bakover, seier forsvarskjempa Chiellini.
Skal ha blitt kasta ut av troppen like før semien: – Det svekka Monaco
I Viasat-studio blei det også diskutert ein ytterlegare årsak til at Monaco under kampen ikkje scora mål.
Før kampen blei Benjamin Mendy kasta ut av troppen på grunn av ei disiplinærsak, ifølge franske Bein Sport.
– Dei saknar han. Dei har ikkje det same trøkket. Dei har ikkje den same angrepsstyrken på venstresida. Dei ser litt hemma og reduserte ut når dei ikkje får fosse framover med sine vanlege sidebackar, sa Viasats ekspert, Morten Langli.
Det meste tyder no på at Juventus møter Real Madrid i meisterligafinalen i Cardiff 3. juni.