– Nå har eg fått gullet, eg har ein medalje til, og nå kan eg heilt ærleg seie at eg hadde blitt glad om det var ein heil pall med dei tre resterande som ikkje har fått medalje, fortel Johannes Thingnes Bø til NRK.
I Nove Mesto har stryningen fortsett medaljefangsten frå tidlegare meisterskap, og står nå med 18 VM-gull, 12 sølv og fire bronsar gjennom karrieren.
30-åringen hevdar at han begynner å bli gullmett under årets VM. Den utsegna trur ikkje NRKs kommentator Torgeir Bjørn noko på.
– Johannes, du bløffar!
Høyr normaldistansen på NRK Radio onsdag kl. 17.20.
Éin ting som gjeld: Gull
– Han er på vinnarsporet med gull på jaktstarten. Når han først har komme inn i den forma, er det gull som gjeld i kvart løp for han, fortset Bjørn.
Han trur at Thingnes Bø prøver å bygge lagkjensle i det norske landslaget, og trur på at skiskyttarstjerna oppriktig ønsker at alle skal få smake på medalje.
– Men ikkje på kostnad av eigne gull. For han er det ein ting som gjeld, og det er gull, meiner Bjørn.
Under årets VM har dei norske herrane vore fullstendig dominerande, og tatt alle dei individuelle medaljane.
Sturla Holm Lægreid (gull, sølv) og Vetle Sjåstad Christiansen (to bronsar) har også tatt medaljar i Nove Mesto. Dermed er det Tarjei Bø, Johannes Dale og Endre Strømsheim frå det norske laget som manglar ein pallplass i meisterskapen i år.
Skiskyttarekspert Ola Lunde rosar også Thingnes Bø for å unne andre suksess. Det er ikkje tvil om at han gjerne tar med seg bror Tarjei eller dei to andre medaljelause på pallen, meiner Lunde.
Men øvst vil han stå sjølv.
– Nei, den kjøper eg ikkje. Han er ein vinnar og vil det heile tida. Han kjem ikkje til å gå litt saktare eller skyte litt dårlegare for at andre skal vinne, seier NRKs ekspert.
– Det trur eg ingenting på
Normaldistansen onsdag startar kl. 17.20.
Thingnes Bø er regjerande meister, og sjølv om Sjåstad Christiansen trur han unner dei andre medaljar, er det ein ting som er enda viktigare.
– Men han unner vel seg sjølv mest eit gull til. Eg trur ikkje han unner dei tre andre ein medalje på kostnad av at han kjem på fjerdeplass.
– Det trur eg ingenting på, seier bronsevinnaren frå både sprinten og jaktstarten.
– Pleier å vere grådig
Lagkameratane blir både overraska og glad når dei får høyre Thingnes Bøs uttale. Endre Strømsheim har fått gjennombrotet sitt i verdscupen denne sesongen, med jaktstartsiger i Oberhof som høgdepunktet.
Ein VM-medalje ville likevel toppa alt anna han har opplevd.
– Han pleier å vere grådig når han snakkar om medaljar, men det var raust, smiler Strømsheim.
Tarjei Bø skaut seg bort på jaktstarten og mista ein medalje. På normaldistansen er han klar for revansje.
– Vi prøver å dele broderleg. Det er vi gode på denne sesongen. Alle har fått siger og tatt pallplassar fleire gonger. Det er målet vårt òg. Vi er litt ekstra motiverte vi som ikkje har fått individuell medalje, fortel 35-åringen, som tok VM-gull i nettopp Nove Mesto for elleve år sidan.