Hopp til innhold

Meiner NFFs medaljemål er «openbert hårete og overambisiøst»

Den siste tida har Noreg sett ut som alt anna enn ein medaljekandidat, meiner NRKs fotballekspert. Men toppfotballsjefen forsvarar NFFs mål om at kvinnelandslaget skal ta medalje i EM eller VM.

Norge etter Polen

MEDALJEMÅL: NFF har som mål at Noreg skal ta medalje i eitt av dei to neste meisterskapa. Det har ikkje Carl-Erik Torp trua på at skal gå.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

Noreg leverte ingen imponerande kamp mot Polen i VM-kvalifiseringa. Kampen mot laget som er rangert som nummer 29 i verda enda mållaus, og Noreg blei dermed passert av Belgia i si gruppe.

– Enkelt og greitt så er det ikkje godt nok. Det er for mykje slurv. Vi bør dominere meir enn vi gjorde mot Polen, og det er urovekkande, sa NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp etter kampen mot Polen.

No ventar ein viktig kvalifiseringskamp mot Belgia på Ullevaal stadion på tysdag.

Allereie her kan Norges fotballforbunds (NFF) resultatmål for dei neste to åra få eit skot for baugen.

Medalje er målet

For i NFFs strategiplan for 2020–2023 står det under resultatmål at A-landslaget-kvinner skal:

  1. Kvalifisere seg til EM sluttspelet i 2021 og VM sluttspelet i 2023.
  2. Ta medalje i minst eitt av desse meisterskapa.
  3. Kvalifisere seg til OL 2024.

Noreg har allereie kvalifisert seg til EM sluttspelet i 2021 (som blir spela i 2022 grunna korona-utsetjingar), og sit i ein god posisjon for å kvalifisere seg til VM i 2023.

Men NRKs fotballekspert trur ikkje på norsk medalje i desse meisterskapa.

– Det er openbert eit hårete og overambisiøst mål å gå for medalje, seier Torp etter kampen mot Polen.

Carl-Erik Torp

Carl-Erik Torp trur ein meisterskapsmedalje er optimistisk.

Etter å ha sett Noregs utvikling dei siste åra trur ikkje Torp at Noreg har grunn til store forventningar om medalje når neste års fotball EM blir arrangert i England.

– Det er ikkje realistisk utifrå dei prestasjonane og den utviklinga som har vore. Så det å reise til eit meisterskap i England neste år og tenkje at det er realistisk at ein kan kjempe om medalje, det er det ikkje, seier han.

Sjølv meiner Torp at forventningane burde ligge på deltaking og avansement frå gruppespelet i meisterskapa som kjem.

Noregs 2–1 siger mot England i ein privatlandskamp på Brann Stadion tilbake i 2019 er den einaste gangen Noreg har slått eit betre rangert lag sidan VM i Frankrike.

Noreg ligg i dag på 12.-plass på FIFA-rankinga, og mot topplaga Sverige (nummer 2), Tyskland (3) og Nederland (4) blei det tap tidlegare i år. Og 0–7 tapet mot Nederland var eit historisk dårleg resultat for det norske landslaget.

– Må vere modige

Elitedirektør i NFF Lise Klaveness legg ikkje skjul på at dette er eit ambisiøst mål.

– Kvinnefotball ute i Europa er eit hurtiggåande tog, så det er eit veldig ambisiøst mål, men i denne bransjen er det eit kappløp om veldig få seter. Det er mange fleire land enn dei som kjem til å ta medalje som har det som målsetning, og vi må vere modige nok til å gjere det også, seier ho.

Uttak av kvinnelandslagets VM-tropp i fotball.

Klaveness trur Sjögren og resten av landslaget kan ta medalje i eit komande meisterskap.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ein del av strategiplanen er også å kvalifisere seg til OL i 2024. For å klare dette må Noreg vere blant dei tre europeiske nasjonane som tek seg lengst i VM i 2023.

– Det er ingen tvil om at dei siste kampane, iallfall kampane mot Polen og Nederland, viser at det er ein lang veg fram. Og det er sånn det skal vere også, med eit mål som ligg langt der framme og vil krevje knallhardt arbeid fram mot meisterskapet, seier Klaveness.

Torp er samd i at landslaget må reise til meisterskap med målsetningar å spele mot.

– Det å reise til eit meisterskap, og ha ambisjonar om å berre vere med, det klinger ikkje bra det heller, så eg forstår at det målet er der, seier han.

På trening dagen etter Polen-kampen stadfestar Vilde Bøe Risa at medalje er eit mål for landslaget.

– No gjeld det å finne tilbake til godfølelsen og sjølvtilliten og dei gode avstandane som kjenneteiknar oss og gjer at vi spelar god fotball offensivt. Så vi må få korrigert det no, så har eg trua på at vi er eit lag som kan ta medalje, seier Risa.

Trine Rønning

Trine Rønning tek straffe mot Tyskland i EM-finalen 2013.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Førre gang Noreg tok ein medalje i eit meisterskap var i 2013, då dei tapte EM-finalen mot Tyskland.

I den finalen spelte Trine Rønning ei sentral rolle, og brann mellom anna ei straffe i kampen som enda 0–1 til Tyskland. Ho meiner det er riktig av NFF å ha slike mål.

– Ein skal alltid ha realistiske mål, som skal trigge deg. At ein kan få god flyt og ta medalje i EM, sjølv om europeiske lag viser at dei er sterke, så kan det vere realistisk. Men VM er lenger unna, med lag i Europa og verda for øvreg som verkeleg skyt fart, seier Rønning.

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Verstappen suveren i USAs Grand Prix – tok ytterligere innpå i VM-kampen

    Max Verstappen kom best ut fra start i USAs Grand Prix i Formel 1 og var senere aldri truet på vei mot sin tredje seier på de fire siste løpene.

    Lando Norris endte på 2.-plass, mens VM-leder Oscar Piastri ble nummer fem.

    Dermed ble det en perfekt helg for den firedobbelte verdensmesteren fra Nederland, som etter å ha vært fullstendig akterutseilt har tatt kraftig innpå McLaren-duoen på topp i VM-sammendraget. Håpet om hans femte strake VM-tittel stiger i Red Bull-stallen.

    Med sine 25 poeng poeng for seier tok Verstappen inn 15 nye poeng på Piastri. Gapet er nede i 40 poeng med fem VM-runder igjen.

    Lørdag krasjet Norris og Piastri i starten og måtte bryte sprintløpet, der Verstappen tok en klar seier og tok inn åtte poeng på begge VM-rivalene.

    Fra «pole position» fikk Verstappen en ypperlig start på søndagens løp, mens Norris i nest beste startposisjon ble passert av Ferrari-fører Charles Leclerc. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal