Hopp til innhold

Meiner Anna (20) er med på å revolusjonere sjakken

Med tusenvis av følgjarar har eit knippe menneske bidrege til at nordmenn og andre benkjar seg framfor skjermen i romjula for å sjå sjakk. – Dei viser at alle kan, seier ekspert.

Anna Cramling

PROFIL: Anna Cramling har titusenvis av følgjarar på tvers av fleire plattformer.

Foto: Privat

Eg trur absolutt det har revolusjonert sjakken viss du ser på det store biletet, seier Anna Cramling til NRK.

Svensken er ein av verdas mest populære når det gjeld sjakkinnhald på internett. Sjakkspelaren har i ei rekkje år produsert og lagt ut sjakkinnhald til det som etter kvart har vorte eit stort publikum.

Det er sett på som ein sport kor «viss du ikkje kan det, ser du ikkje på det». Eg vil at den gruppa som ikkje kan sjakk, skal sjå på det og gjere det gøy for dei, seier Cramling.

Anna Cramling

STRØYMER SJAKK: Svenske Anna Cramling.

Foto: Privat

Enorme siffer

Svensken har bygd seg opp eit stort namn på strøymeplattforma Twitch og andre sosiale medium.

Der speler ho og snakkar stort sett om sjakk. Strategien er klar for å få flest folk til å følgje med og like innhaldet.

Eg vil seie eg har eit høgt tempo for å halde merksemda til sjåaren. Eg prøver å ha høg musikk, snakke høgt, prate med folk og prøve å underhalde slik at det ikkje skal bli kjedeleg. Hadde eg berre spelt sjakk, så trur eg ikkje mange hadde sett på, seier ho.

Hikaru Nakamura

STJERNE: Nakamura strøymer aktivt og har nesten 3 millionar følgjarar.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Cramling anslår at ho har ein stad mellom 1500 og 2000 personar som følgjer henne direkte på kvar strøym på Twitch. Nyleg strøymde stormeister Hikaru Nakamura – som er aktiv på same plattform og jamleg har fleire tusen sjåarar – ein kamp mellom han og Magnus Carlsen som vart sett av over 60 000 direkte.

Det er heilt enorme siffer som ein ikkje har sett før. Ein har skapt ein ny måte å sjå det på (sjakk). Det kjennest som det lyst opp mange konkurransar, seier Cramling.

– Veldig viktig

Strøyming av sjakkinnhald er ikkje noko nytt fenomen, men med mellom anna Cramling og Nakamura i spissen, har innhaldet generert enorm interesse dei siste åra.

Sjakkekspert Sheila Barth Stanford er klar på viktigheita av strøyminga. Ho peikar blant på tilgjengelegheita, og at tersklane er lågare for å oppsøkje internettet, i staden for ein sjakklubb til dømes.

Dei er veldig dyktig til å folkeleggjere og ufarleggjere sjakken. Det er veldig viktig, seier ho.

Les også Verdsmeisteren har eigentleg gitt opp sjakk-karrieren: – Kan bli større enn Magnus

Hikaru Nakamura
Stanford, som også underviser i sjakk, fortel at nesten alle av elevane hennar har ein strøymer dei følgjer med på – og at dette har bidrege til å halde sjakkinteressa oppe blant dei unge og gjort sporten meir populær generelt.

Derfor rosar ho Cramling for bruken av plattforma til opplyse folk om sjakken og meiner at det også har bidrege til god rekruttering.

Det er openbert. Ikkje noko tvil om det. Dei viser at alle kan. Dei viser mangfaldet. Nokon speler og underviser, og nokon gjer alt mogleg rart. Dei formidlar det på ein god måte.

Har det revolusjonert sjakken?

Ja, det trur eg. Kvart fall formidlinga av sjakken. Eg trur det betyr mykje for rekrutteringa til miljøet, seier ho.

Blir rosa av profilar

Stanford får støtte av Magnus Carlsen og Monica Machlik. Sistnemnde er første norske kvinne som deltek under verdsmeisterskapen i lyn- og hurtigsjakk.

Monika Machlik

VM-deltaktar: Sjakkspelar Monika Machlik

Foto: Christian Grieg Sander / NRK

Det er ekstremt mange sjåarar på kanalane der, kven som helst kan sjå på og er det er veldig uformelt og inkluderande. Strøyming på den måten har gjort sjakk meir populært, seier ho til NRK.

– Trur du dette har bidrege til at fleire spelar og følgjer med på sjakk?

Absolutt. Dei treffer mange folk via strøyminga, svarer Machlik.

Carlsen

LOVORD: – ja, absolutt, svarer Carlsen på spørsmålet om strøyminga bidreg til rekruttering og interesse for sjakken.

Foto: Christian Grieg Sander / NRK

Noregs største sjakkess er også samd i at strøyminga har ført til mykje godt og at sjakken for mange går føre seg over internett.

Eg trur det vil halde fram med å vere viktig framover både som inntektskjelde for folk og for rekrutteringa, seier Carlsen til NRK.

  • NRK viser årets verdsmeisterskap i hurtig- og lynsjakk som finn stad i den kasakhstanske storbyen Almaty. Det blir spelt mellom 25. og 30. desember.

Sportsnyheter

Manchester United

United ydmyket og får slakt – ekspert ber forsvarsstjerne gi seg

Manchester United gikk på sitt 13. tap for sesongen mot Crystal Palace. Spesielt forsvarsvikarene og manageren får sterk kritikk etter det som blir kalt årsverste av storklubben.

Siste nytt

  • Tidligere OL-utøver drept i krigen i Ukraina

    Vektløfteren Oleksandr Pjeljesjenko er den første OL-utøveren som har blitt drept i krigen i Ukraina, skriver The Guardian.

    Han døde i kamp for å forsvare landet sitt på søndag, det bekrefter den nasjonale OL-komiteen i Ukraina.

    30-åringen ble nummer fire i vektklassen 85 kilo under OL i Rio i 2016. Han har også blitt europeisk mester to ganger.

    «Det er med stor sorg at vi må meddele at i dag sluttet hjerte til den ærede idrettsmesteren i Ukraina, to ganger europeisk mester i vektløfting, å slå» skriver den nasjonale OL-komiteen i Ukraina på Instagram.

    Pjeljesjenko var utestengt fra idretten i perioden 2013 til 2015 som følge av en dopingforseelse. Deretter gjorde han comeback og tok EM-gull i 85-kilosklassen i 2016. Året etter forsvarte han tittelen. I 2018 begikk han et nytt brudd på dopingreglene og sluttet å konkurrere.

    Mer enn 400 ukrainske idrettsutøvere og idrettsledere skal være drept i krigen.

    (NRK/NTB)

    U11uSDVHKrI
    Foto: Afp
  • Moyes ferdig i West Ham etter sesongen

    West Ham bekrefter at David Moyes er ferdig som manager i klubben etter sesongen.

    I en pressemelding mandag kveld skriver Premier League-klubben at Moyes og klubben er enige om å avslutte samarbeidet etter fire og et halvt år.

    – Jeg har virkelig likt å jobbe med alle i West Ham, og vil takke styret for å gi meg sjansen til å lede denne fantastiske klubben, sier Moyes.

    I løpet av sin periode i London-klubben, ledet 61-åringen dem blant annet til seier i Serieligaen forrige sesong. Det var West Hams første store trofé siden de vant FA-cupen i 1980.

    – David har vært ansvarlig for en periode i vår historie med stor fremgang og suksess, og vi er ekstremt takknemlige for hans harde arbeid, engasjement og dedikasjon til rollen, sier styreleder David Sullivan.

    Med to kamper igjen av sesongen ligger West Ham på niendeplass i Premier League.

    Lørdag spiller de sesongens siste hjemmekamp mot Luton. Klubben skriver at Moyes vil få den hyllesten han fortjener fra supporterne ved at avskjeden allerede har blitt opplyst om.

    Samtidig som Moyes bekreftes ferdig i klubben, skriver både BBC og The Athletic at spanske Julen Lopetegui blir ny manager i West Ham.

    57-åringen skal være enig om betingelsene, men har så langt ikke signert papirene. Spanjolen har vært uten jobb siden han ble sparket i Wolverhampton i august i fjor. (NTB/NRK)

    David Moyes
    Foto: Maja Smiejkowska / Reuters
  • Merlier spurtet til seier i Giroen etter sylfrekk Pogacar-manøver

    Tadej Pogacar var nær ved å snyte spurterne for konfekten, men til slutt var Tim Merlier sterkest på den 3. etappen av sykkelrittet Giro d'Italia mandag.

    De fleste ekspertene var på forhånd sikre på at den 166 kilometer lange etappen fra Novara til Fossano skulle ende med en massespurt. Det gjorde den også, men det var på hengende håret at ikke superstjernen Tadej Pogacar lurte alle.

    I den siste stigningen med noen få kilometer til mål satte sloveneren fart og fikk følge av sammenlagtrival Geraint Thomas. De to kom sammen inn på den siste kilometeren og hadde luke til det jaktende feltet.

    – Kan dette gå, da? Det hadde vært helt sykt. Alle snakket om spurterne før start, sa Discovery-ekspert August Jensen i innspurten.

    Med noen få hundre meter igjen var Pogacar-manøveren nøytralisert, og på streken var belgiske Tim Merlier først. Soudal Quick-Step-rytteren tok sesongens niende seier.

    – Dette var min hardeste seier noen gang. Det ble en tøff finale. Lagkameratene mine gjorde en fantastisk jobb, sa Merlier i seiersintervjuet.

    Verken Tobias Foss, Vegard Stake Laengen eller Torstein Træen fikk med utfallet av etappen å gjøre. Det var heller ikke ventet.

    Tadej Pogacar leder fortsatt rittet sammenlagt. Han har 45 sekunder tilgode på Thomas. (NTB)

    Tim Merlier vinner 3. etappe av Giro d'Italia
    Foto: LUCA BETTINI / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal