Italienske Matteo Trentin vart europameister i Skottland. Dei norske ryttarane hadde på si side slett ikkje dagen. Aller verst var det truleg for August Jensen.
26-åringen hadde hjelpt Alexander Kristoff opp igjen i hovudfeltet etter ei punktering. På veg tilbake til feltet fekk Jensen sjølv ei sidepunktering. Lufta gjekk ut av dekket litt etter litt.
Men då Jensen skulle stoppe opp for å få seg eit nytt hjul bomma han.
– Eg gjekk over på høgresida av vegen, slik ein gjer elles i Europa. Men her i Skottland skal ein jo gå ut på venstresida. Brått stod eg der åleine med framhjulet i handa. Så då var det ikkje rart at Hans Falk (sportssjefen) køyrde rett forbi og ikkje såg meg, forklarer Jensen til NRK.
Tek sjølvkritikk
Han prøvde å rope på Falk, men det hjelpte ikkje. Han sat jo inne i bilen sin då.
Bodøværingen finn ingen grunn til å skulde på andre enn seg sjølv etter tabben.
– Eg tek sjølvkritikk. Eg skal prøve å hugse reglane neste gong eg er i Storbritannia eller Australia, seier Jensen.
Etter tabben var sykkel-EM i realiteten over for ryttaren. Ikkje lenge etter braut han.
Lagkamerat Sven Erik Bystrøm var i ein liknande situasjon. Han meiner derimot at den norske servicebilen burde ha sett dei norske hjelperyttarane.
– Eg er litt irritert. Men det var nok ein stressande situasjon for temaet vårt, der dei måtte ta ei vurdering der og då. Grunna regnet var det kanskje heller ikkje så lett å sjå oss. Men det var ein tabbe som burde ha vore unngått, meiner Bystrøm.
– At August Jensen trengde hjelp fekk eg rett og slett ikkje med meg. Men han skulle nok stått på andre sida av vegen. No får vi berre legge dette bak oss, seier sportssjef Hans Falk.
– Følte meg bra
Bystrøm og Jensen var to av heile fem nordmenn som måtte gi seg lenge før EM-rittet var over.
Bystrøm måtte kaste inn handkleet etter å ha gitt frå seg hjulet sitt til Alexander Kristoff.
– Eg følte meg i grunnen veldig bra. Men sånn er det av og til, seier Bystrøm.
Sondre Holst Enger gav seg grunna problem med setet.
– Det glei ned fleire gonger. Typisk at dette skulle skje i ein europameisterskap. Det er veldig kjedeleg – ikkje minst at eg skuffar resten av laget, seier Enger til NRK.
– Brutal løype
Rasmus Fossum Tiller følte seg på si side rett og slett sliten. Også Kristoffer Halvorsen måtte gi seg tidleg.
Med over ein og ein halv time igjen av rittet var dermed Alexander Kristoff den einaste norske ryttarane igjen i EM-rittet i Glasgow.
– Det er «Alex» for alle pengane. Men vi skulle jo ha vore fleire igjen på slutten, seier August Jensen.
Kristoff, som vann EM i fjor, enda på 11.-plass.
– Løypa var brutal. Det var vått og mange svingar. Det var sikkert 1000 spurtar totalt, sa ein skiten Kristoff etter rittet.
31-åringen var uansett klar på at han hadde hatt større sjansar i Glasgow om ikkje alle hjelperyttarane hadde brote.