– For Aalesund er det fullt mogleg å signere John Arne Riise, også om han figurerer i reklame for Betsson etter at han har blitt spelar i Tippeligaen, seier kommunikasjonssjef i Norges Fotballforbund til NRK.
– Vi har ingen reglar i Norges Fotballforbund som kan hindre Aalesund i å gjøre det, men vi har gitt Aalesund eit juridisk råd om at dei ikkje bør signere Riise så lenge han er med i Betsson-reklamar, legg Haavik til.
NRK har spurt om tilgang til det juridiske rådet for å sjå innhaldet, men det ønskar ikkje NFF å vise fram.
Ingen søksmål
Det betyr at både Riise både kan vere reklamemann i Betsson-innslag og fotballspelar for Aalesund. Det får etter alt å dømme ingen konsekvensar dersom Riise no består den medisinske sjekken i Aalesund og spring ut på eliteserie-matta mot Stabæk fredag.
– NFF har gitt Aalesund eit juridisk råd, men stoppar det med rådet? Vil NFF gå rettens veg i denne saka?
– Det har aldri vore eit tema. Norges Fotballforbund og Norsk Topfotball har gitt eit råd og synskpunkter i saka, i tillegg til ei ekstern juridisk vurdering i forhold til dei avtalemessige forplikingane som ligg i samarbeidsavtalen, skriv Haavik i ein SMS til NRK.
I kveld er Riise på medisinsk sjekk i sunnmørsklubben, som ser ut til å trasse fotballforbundets råd.
Riise-reklame
Ein avtale mellom John Arne Riise og Aalesund er ferdigforhandla og det einaste som har stått i vegen for at 35-åringen kan spele fotball i Norge den komande sesongen har vore avtalen med Betsson.
Betsson-avtalen er terminert, men spelselskapet har likevel planar om å bruke spelaren i reklamar fram mot EM i fotball til sommaren.