Med 97 meter i finaleomgangen enda Lundby 23,2 poeng framfor konkurrenten Katharina Althaus i rennet i Romania. Og ho sytte samstundes for at Althaus ikkje kan gå forbi i verdscupen.
Lundby blir dermed den fjerde norske hopparen, og den første kvinna, som vinn verdscupen i hopp.
Ho la grunnlaget for den avgjerande sigeren med eit kjempehopp på 100 meter i 1. omgang, og leia med 10,4 poeng.
Ho endra litt på sittestillinga etter rennet i går, og det gav resultat.
– Eit heilt vanleg renn
– Eg er spesielt nøgd med førstehoppet, der eg fekk 100 meter og nesten måtte trekke meg litt, sa Lundby til NRK.
– Korleis var presset då du stod på toppen og visste at du hoppa for verdscupsiger?
– For meg var det eit heilt vanleg renn. Eg tenkte mest på å revansjere andreplassen frå i går, for den var sur.
I går blei ho slått med 0,3 poeng av Althaus då berre ein omgang blei gjennomført.
Rett etter rennet var ho ikkje heilt klar over at ho hadde vunne verdscupen samanlagt.
– Det er sikkert korrekt. Kanskje eg må bli diska i alle dei siste renna for å ikkje vinne. Det er veldig artig, seier Lundby.
– Ein av dei største i norsk hoppsport
Sportssjef Clas Brede Bråthen jubla etter rennet.
– Maren har hatt ein sesong som ingen annan norsk hoppar har vore i nærleiken av, seier Bråthen til NRK.
– No må alle som bryr seg om jentene i hoppsport ta turen til Holmenkollen neste helg for å heidre ein av dei største i norsk hoppsport gjennom tidene.
Anna Odine Strøm blei nr 11, det er karrierebeste. Silje Opseth blei nr 20.
Hardtrening fram mot Kollen-rennet
– No går eg for å vinne også dei tre siste renna, og gler meg spesielt til storbakkerennet i Holmenkollen neste helg, la ho til.
– Så det blir feiring i kveld?
– Nei, ikkje veldig. Eg skal ta til å sjå fram mot Holmenkollen. Det blir hardtrening fram til då.
Maren Lundby har åtte sigrar og fire andreplassar på sine 12 renn denne sesongen.
Lundby sette også bakkerekord med 102 meter i prøveomgangen i Rasnov.
Med tre renn igjen i verdscupen leier Lundby no med 300 poeng. Det betyr at Althaus teoretisk kan kome à jour. Men Lundby vil i så fall vinne på grunn av fleire rennsigrar.