Vinden i rumenske Rasnov blei for sterk, og 2. omgang i verdscuprennet blei avlyst etter at berre to hopparar hadde sett utfor.
Dermed blei resultatlista etter første omgang ståande, og Maren Lundby må sjå seg slått med 0,3 poeng av tyske Katharina Althaus. Og Lundby manglar framleis nokre poeng på å sikre seg verdscupen samanlagt. Det kan ho klare i morgon.
Maren Lundby var ikkje heilt samd i avlysninga av finaleomgangen.
– Det er synd. Eg trur at dersom dei hadde venta litt, hadde vinden spakna såpass at ein kunne ha køyrt gjennom det, sa ho til NRK. – Eg skulle gjerne hoppa in omgang til og prøvd å ta igjen dei 0,3 poenga.
– Nøgd med andreplassen
– Men eg er nøgd med andreplassen på ein dag forholda varierer. Slik blei det i dag, og det får eg ikkje gjort noko med, la ho til.
Lundby hoppa 92 meter i første omgang, Althaus 93,5. Dei to var i særklasse best.
– Det er nytt renn i morgon, og eg håpar å kjempe om sigeren og verdscupen, seier Maren Lundby.
Karrierebest
Anna Odine Strøm blei nr 12 og Silje Opseth 14. Det er bestenoteringar i verdscupen for begge to.
– Det er ein strålande dag for jentene, trass årverste for Maren, og vi håpar å følgje opp i morgon, seier sportssjef Clas Brede Braaten.
For Lundby er andreplassen tangering av sesongverste. Ho har aldri blitt dårlegare enn nummer 2 i vinter. På 11 renn har ho fire andreplassar og sju sigrar.
Fire renn står att denne sesongen – eit nytt i Rasnov i morgon, i Holmenkollen neste helg, og to renn i Oberstdorf i 24. og 25. mars.