Hopp til innhold

Lundby slit framleis: – Litt håplaust å kjenne på

Maren Lundby (27) gjer fleire tiltak for å etter kvart komme tilbake i toppen igjen. Men ho innrømmer at det tek tid og at det kan kjennast vanskeleg.

FX6_0575.MXF.12_49_05_03.Still002

SLIT: Maren Lundby seier ho framleis har litt å gå på for å gå ned i vekt på ein forsvarleg måte. Men ho er optimistisk.

Foto: Frode Fjerdingstad / Frode Fjerdingstad / NRK

– For min del så er det ingen tvil om at eg må ned i vekt. Når eg prøver å gjere tiltak som skal fungere på ein helsemessig forsvarleg måte, så responderer ikkje kroppen på det, seier Maren Lundby til NRK.

For nokre veker sidan sa ein knust Lundby at ho ikkje kjem til å delta i OL i Beijing i 2022, sidan ho slit med å gå ned i vekt.

På Lillehammer var ho heller ikkje å sjå i hoppbakken. Men ho er på plass saman med lagvenninnene sine likevel.

– Eg trur ikkje eg får gjenteke det nok, at det er rart å ikkje vere med. Det er veldig rart, men det er samtidig fint å kjenne at ein har lyst til å vere med. Eg har vore med i ti år, og det er rart å stå å sjå på. Eg klarer ikkje å bli vand med det, innrømmer den regjerande verdsmeisteren.

Siktar mot neste vinter

Lundby innrømmer at ho er usikker på om ho dukkar opp på arenaen, men ho vil uansett vere saman med troppen og støtte dei.

Hoppstjerna avviser at ho kunne hevda seg i konkurransen på Lillehammer. Ho har ikkje hoppa sidan 3. mars i år.

– Det manglar litt trening og føresetnader for å hoppe langt på ski. Eg sat og tenkte på det førre helg, korleis eg hadde gjort det. Det får eg ikkje svar på før eg prøver. Men eg hadde ikkje vunne og hadde nok hamna ganske langt bak, medgir 27-åringen.

FX6_0571.MXF.12_01_54_07.Still008

JOBBAR HARDT: Lundby må no jobbe mot å gå litt ned i vekt på ein helsemessig og forsvarleg måte.

Foto: Frode Fjerdingstad / Frode Fjerdingstad / NRK

Lundby er klar på at ho skal tilbake i hoppbakken. Men ho veit ikkje når den tid kjem.

– Eg har ikkje lyst til å gi opp i det heile. Eg vil komme tilbake, men det er lang veg dit. Eg har veldig, veldig lyst, og eg tenkjer nesten ikkje på noko anna enn det, seier hoppstjerna.

– Planen er å komme tilbake, men det er spørsmål om tid. Det blir nok ikkje i vinter, men eg håpar på neste vinter, seier Lundby.

– Kjennest vegen lengre no?

– Både ja og nei. Det kjennest ganske likt. Men det mest håplause er at kroppen ikkje speler heilt på lag enno. Det er ein føresetnad for å kunne komme ned i matchvekt. Det er litt håplaust å kjenne på.

– Det står stille

Men det er likevel håp i det ho held på med om dagen. Ho ser teikn til at tiltaka fungerer.

– Kroppen er meir normal enn han var i mars og april, og kanskje i forhold til i haust òg. Eg trur eg er på riktig veg, men at eg kan fint svartmåle det for meg sjølv. Eg blir utolmodig når andre hoppar på ski, og det er kanskje det største problemet mitt no, seier Lundby.

– Du blir utolmodig og kroppen speler ikkje på lag, seier du. På kva måte?

– For min del er det ingen tvil om at eg må ned i vekt. Når eg prøver å gjere tiltak som skal fungere på helsemessig forsvarleg måte, så responderer ikkje kroppen på det. Det står stille, og det er der vi er. No må eg ta tida det trengjer fram til kroppen synest det er greitt, på ein måte.

Maren Lundby kom hjem fra VM

VERDSEINAR: Maren Lundby har vore blant dei dominerande skikkelsane i hoppsporten i fleire år.

Foto: Geir Olsen / NTB

Lundby seier ho jobbar med å finne ein balanse som kroppen trivst med. For å trene godt og optimalt må ho litt ned i vekt, seier ho. Lundby har tett dialog med dei som hjelper henne med helsa. Mellom anna Olympiatoppen og andre trenarar hjelper ho med å komme tilbake der ho var.

Men det blir ikkje lett.

– Eg tenkjer veldig ofte at dette blir vanskeleg, det gjer eg. Eg har kjent på før at viss du gir deg får du kvart fall ikkje til nokon ting, og eg har ikkje tenkt å gi meg før eg får det til. Det har alltid vore oppskrifta mi på å få til noko, og då må eg berre stole på det den gongen her òg, seier Lundby.

Blir hylla av konkurrentar

Ho får i alle fall støtte frå heile verda etter å ha vore open om vektproblema. Blant dei som hyllar Lundby er den austerrikske konkurrenten hennar Marita Kramer.

– Det er modig, men det er òg veldig viktig at ho er så open. Det er ingen vits å skjule det, det er trass alt grunnen til at ho ikkje for konkurrert. Eg synest det er veldig fint at ho har vore så open om det, seier Kramer til NRK.

Verdenscup Lillehammer

HYLLAR LUNDBY: Marita Kramer.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ho håpar og trur at ho får sjå Lundby tilbake i toppen igjen, sjølv om ho ikkje blir å sjå i Beijing.

– Det er eit veldig kjenslevart tema i idretten vår. Det er jo naturlegvis slik at når du er lett så hoppar du lengre. Alle passar jo på vekta, men nokon slit jo meir enn andre. Det er vanskeleg, men eg trur ho klarer å komme tilbake, seier Kramer.

Austerrikske Eva Pinkelnig har vore ein av konkurrentane til Lundby dei siste åra. Ho seier ho har stor respekt for den norske hopparen, og at ho alltid har vore ein leiar i hoppsporten. Derfor er ho ikkje overraska at nettopp Lundby tør å stå fram.

– Ho er ein leiar som aldri har vore redd for å snakke. Det var ho som tok til orde når det kom til skiflyging og storbakke, men sjølvsagt krev det endå meir mot når det gjeld personlege ting. Ho er ei sterk kvinne, ei modig kvinne. Eg ser opp til henne, seier Pinkelnig til NRK.

Siste nytt

  • Molde møter Sarpsborg i cupen – VIF trakk HamKam

    Molde skal opp mot Sarpsborg i jakten på kvartfinaleplass i årets fotball-NM.

    Molde slo Hødd 3-1 onsdag og sikret seg en plass i den fjerde runden.

    Lillestrøm overrasket og slo Bodø/Glimt 4-2 onsdag. «Fugla» møter Strømsgodset i den neste fasen. Kampene spilles 8. mai før det blir et opphold fram til høstsesongen.

    Vålerenga slo ut Tromsø på hjemmebane onsdag og får ny hjemmekamp når HamKam kommer på besøk.

    I alt åtte eliteserielag er ute av årets cup. I tillegg til Molde og Lillestrøm er Fredrikstad, KFUM Oslo, HamKam, Strømsgodset, Viking og Sarpsborg 08 videre.

    Molde vant cupen i fjor med 1-0-seier over Glimt.

    Alle kampene:

    Eidsvold Turn – Sandnes Ulf

    Stabæk – Bryne

    Strømsgodset – Lillestrøm

    Raufoss – Fredrikstad

    Vålerenga – HamKam

    Lysekloster – KFUM

    Molde – Sarpsborg

    Levanger – Viking (NTB)

    Molde
    Foto: NTB
  • Hoelgaard på tiendeplass i Frankfurt

    Markus Hoelgaard ble beste nordmann i éndagsrittet Eschborn-Frankfurt onsdag. Det tradisjonsrike rittet ble som vanlig arrangert 1. mai og er et ritt som Alexander Kristoff har vunnet flere ganger tidligere.

    Løypa har de siste to utgavene blitt gjort hardere og opp Feldberg for andre gang måtte Kristoff slippe. Det norske Uno-X-laget satt da med Ådne Holter, Søren Wærenskjold, Odd Christian Eiking og Markus Hoelgaard i feltet.

    Wærenskjold måtte slippe i rittets siste stigning og til slutt ble det en spurt fra en gruppe på 36 ryttere. Der var Maxime Van Gils best og vant foran Alex Aranburu og Riley Sheehan.

    Hoelgaard ble nummer ti i spurten, mens Holter og Eiking kom inn til henholdsvis 28. og 29. plass.

    Markus Hoelgaard
    Foto: Fredrik Hagen / NTB
  • Vålerenga videre i cupen: Første hjemmeseier på 227 dager

    Vålerenga rykket på dramatisk vis ned i fjor. Mye av grunnen var at de slet stort på hjemmebane i Oslo, hvor de kun vant tre av 18 kamper (15 seriekamper, to cupkamper og én kvalifiseringskamp).

    Også årets sesong har startet dårlig på hjemmebane, med ett poeng på de to første seriekampene.

    Onsdag fikk Vålerenga endelig juble for seier igjen på hjemmebane, deres første hjemmeseier siden de slo Aalesund i serien 17. september i fjor.

    I etterkant av det hadde de spilt åtte hjemmekamper uten seier, før de altså kunne innkassere cupavansement etter 1-0 mot Tromsø.

    Simen Juklerød scoret kampens eneste mål med et godt plassert skudd i første ekstraomgang.

    For Tromsø fortsetter katastrofe-starten på sesongen. Fjorårets bronsevinner i Eliteserien har tapt samtlige fire kamper i Eliteserien til nå i år og er nå også slått ut av cupen.

    Vålerenga

Sendeplan

Kl. Program Kanal