– Eg blir kalla «homo» frå venstre og høgre i negativ form, sjølv om eg kanskje ser på det som positivt. Kanskje det å bruke eit plagg som ein gong var meir for kvinner enn for menn ikkje nødvendigvis er å vere homoseksuell, sjølv om det ikkje er negativt, seier Braathen om kommentarane han får i sosiale medium.
Han har ei rekkje bilete i sosiale medium der han ikkje har på seg skiutstyret, men heller går med sivile klede. I kommentarfeltet ser ein at folk flest hyller klesstilen hans. Også i media har han fått ein del merksemd for moteinteressa si.
Kom med Instagram-stikk
Men det norske alpinesset får også fleire kommentarar som er av negativ art.
FINGERPYNT: Braathen hadde pynta neglene då han tok tredjeplassen i Schladming tidlegare i år.
Foto: LEONHARD FOEGER / ReutersFørre veke såg han seg nøydd til å sende eit stikk mot følgjarane og brukarane på Instagram, som kjem med stygge kommentarar:
– Kan ikkje vente på at alle dykk skal kaste bort tida deira på å fortelje meg at menn ikkje kan gå med skjørt, skreiv Braathen på Instagram, saman med eit bilete der han gjekk i nettopp skjørt.
– Eg triggar nok andre fordi eg kjem frå ein konservativ idrett – meir enn andre idrettar. Eg synest det er gøy. Folk synest eg er for feminin, og det var derfor eg skreiv kommentaren, seier Braathen til NRK.
KOM MED BESKJED: Lucas Braathen serverte eit stikk mot Instagram-brukarar som kjem med mindre hyggjelege kommentarar.
Foto: Lucas Braathen / InstagramSjølv ønskjer han ikkje å berre fokusere på alpinkarrieren i kvardagen. Det er derfor leiaren av slalåmcupen også vil bruke kvardagen på andre ting – som til dømes mote.
– Eg får også kommentarar på at eg ikkje fokuserer nok på sport og at eg ikkje følgjer «skuletinga» til ein idrettsutøvar, der ein et, trenar og søv. Det er ikkje for meg. Ski er idretten eg bruker mest tid på, men det er berre éin av mange interesser. Eg kunne ikkje drive med ski om det var heile kvardagen min, seier Braathen.
Får støtte av McGrath
Ein som følgjer han tett både i slalåmløypa og på privaten, er bestekompis og lagkamerat Atle Lie McGrath. Dei to alpinprofilane har stått side om side ei årrekkje. Sistnemnde smiler når NRK nemner Braathen si interesse for mote.
Han er likevel ikkje begeistra for dei negative kommentarane vennen får i sosiale medium.
– Det kjem alltid til å finnast internetthets. Det er lett å sitje og melde bak ein skjerm. Eg synest det er dårleg gjort, seier McGrath til NRK.
RYNKER PÅ NASEN: Atle Lie McGrath reagerer på meldingar kompisen får på Instagram.
Foto: Lise Åserud / NTBHan meiner Braathens interesser utanfor alpinsirkuset er noko av det mest positive ved han.
– Lucas gjer akkurat det han vil og det er det eg elskar ved han. Han bryr seg ikkje om kva andre tenkjer. Eg veit at det ikkje går innpå han, men det er kjipt når han prøver å utfordre normene at han får slike ting i fleisen. Det er jo aldri hyggjeleg, men det er vel kanskje dessverre litt slik det er når ein kan gøyme seg bak ein skjerm, seier McGrath.
– Det er så piss
Braathen er klar på kva han synest om det å kunne skilje seg ut i mengda.
– Eg ser artiklar der eg går hardt ut mot jantelova, og det er fordi det er dei mest destruktive greiene eg veit om. Det er så piss, seier 22-åringen.
Ein må kunne seie det fungerer. Han leier slalåmcupen føre landsmann Henrik Kristoffersen, og dersom han køyrer slalåmrennet i Courchevel vil han vere ein av dei store favorittane.
Årsaka til uvissa er at Braathen måtte opererast for akutt blindtarmsbetennelse ei snau veke før VM-start. Han har likevel eit høve til å køyre slalåmrennet 19. februar, som er siste VM-øving.