– Eg er kjempemotivert for vidare satsing både på klubb – og landslag. Eg føler at eg er tilbake på toppnivå, seier Heidi Løke til NRK.
Måndag kom Østland-Posten med nyhenda om at strekspelaren har skrive under ei treårskontrakt med gamleklubben Larvik.
35-åringen skal spele i Storhamar ut sesongen, før ho vender tilbake til klubben ho var ifrå 2008 til 2011 med stor suksess. Men veteranen avviser at dette er hennar siste kontrakt.
– Eg har skrive ein treårsavtale. Men dersom eg har lyst å halde på lenger – så gjer eg det, seier Løke.
– Hadde eg følt at forma hadde byrja å dabbe av - så hadde eg nok gitt meg. Men eg føler at eg har nokre gode år igjen. Eg stortrivst med dette. Eg skal heim til Larvik for å vinne noko, seier Løke vidare.
– Fantastisk bra på Hamar
Tobarnsmora fødte sin andre son, Oscar i fjor sommar. 35-åringen var tilbake på handballbana på rekordtid, og føler at kroppen er tilbake slik den var før fødselen.
– Kroppen er gjennom noko utruleg tøft fysisk, og det tar alltid litt tid før ein kjem ordentleg tilbake. No føler eg at eg er der. Eg har ikkje lyst til å gje meg enno, eg har framleis veldig store ambisjonar, seier Løke.
Landslagsprofilen bur i Sandefjord med familien. Som Storhamar-spelar har ho pendla til Hamar frå Vestfold-byen. No blir reisevegen kortare og kvardagen enklare.
– Eg har hatt det fantastisk bra på Hamar. Men det er heilskapssituasjonen min som gjer at eg vel Larvik.
– Enklare kvardag
– Eg synest det er greit å gå ut med nyhenda no, og så er det Storhamar som gjeld resten av sesongen. Eg har lyst å avslutte med med stil, og det hadde vore gøy å vinne noko med klubben før eg vender til Larvik, seier Løke.
Larvik-trenar Geir Oustorp trur overgangen kan forlenge Løkes karriere.
– Vi er glade for at ho får ein enklare kvardag. Ho får meir tid til trening og restitusjon. Difor kan ho heilt sikkert halde på i mange år framover, seier trenar Geir Oustorp.
Larvik har brukt dei siste sesongane til å få klubben på fote igjen økonomisk.
– Larvik har eit lønnstak, og vi er innanfor det lønnstaket i avtalen med Heidi. Vi kjem ikkje til å sprenge banken. Vi håpar signeringa kan få andre spelarar til Larvik også. Og at det viser at Larvik blir å rekne med i framtida, seier Oustorp.
– Dersom eg kan bidra til å få inn fleire sponsorar, og kanskje nokre spelarar er det utruleg gøy, seier Heidi Løke.