For berre ei snau veke sidna fekk Thomas Tuchel sparken av dei nye Chelsea-eigarane. No foreslår Todd Boehly nok ei stor endring – denne gongen for heile ligaen. Ideen kjem heile vegen frå Dei foreinte statar.
– Til sjuande og sist håpar eg Premier League lærer litt av amerikansk idrett, og verkeleg begynner å finne ut kvifor vi ikkje har ei turnering med dei fire nedste laga – og kvifor er det ikkje ei n«all-star»-kamp?
Det sa Boehly på ei konferanse i New York tysdag kveld. Amerikanaren er godt kjend med amerikansk idrett, ettersom han er medeigar i baseballaget Los Angeles Dodgers og NBA-laget Los Angeles Lakers.
Forslaget inneber å halde ein kamp med dei største stjernene frå laga i Nord- og Sør-England på kvart sitt lag.
Tente 200 mill. på «all-star»-kamp
Amerikanaren seier årsaka til at han ønskjer ein slik kamp, er for å generere inntekter til det engelske ligasystemet – også kalla fotballpyramiden.
– I årets Major League Baseball «all-star»-kamp tente vi 200 millionar dollar frå ein måndag og ein tysdag, fortel Boehly.
– Vi tenkjer at vi kunne fått til ein nord versus sør «all-Star»-kamp i Premier League, for kva enn pyramiden treng, ganske enkelt.
På spørsmål om kva de andre klubbeigarane i ligaen tenkjer om ideen, svarer han at «alle liker tanken på meir inntekter til ligaen». Amerikanaren trur at den utviklinga han ser for seg kjem til å skje. Andre er meir skeptiske:
– Hei, Todd, vi har allereie «all-star»-kampar. Dei kallast landskampar, skriv fotballegenda Gary Lineker på Twitter.
Hva tenker du om forslaget?
Reagerte med latter
Så er spørsmålet kva managerane i Premier League-klubbene tenker. Då Liverpool-manager Jürgen Klopp vart konfrontert med det nye forslaget, begynte han berre å le.
– Han nøler ikkje. Han ventar ikkje lenge. Fantastisk, sa ein lattermild Klopp på Liverpools pressekonferanse, før han la om til ei meir alvorleg tone:
– Når han finn ein dato for det så kan han ringe meg. Han gløymer at i dei store idrettane i USA har utøvarane fire månader pause, så dei er berre glade for å drive med litt sport i dei pausane. Det er heilt annleis i fotball.
Klopp forklarer at han først vart litt overraska over spørsmålet med forslaget, før han såg ut til å tenke seg litt meir om:
– Sjå for deg spelarar frå Manchester United, Liverpool, Everton – alle på det same laget. Som ikkje er landslaget, men berre et Nord-lag. Interessant kamp, fortset Liverpool-trenaren.
– Alle London-gutane saman. Arsenal, Tottenham ... Fantastisk. Sa han verkeleg det? Interessant.