Hopp til innhold

Hjernerystelse frustrerer Lindsey

Amerikanske Lindsey Vonn var ein av favorittane i dagens super-G-renn i Garmisch-Partenkirchen. Men løpet blei totalt mislukka. Etter rennet klaga ho over sterk hovudverk og hjernerystelse.

Video Vonn sliter med hodesmerter

Sjå heile intervjuet med ei frustrert Lindsey Vonn. Her fortel ho ope om sjukdomen som set henne ut av spel.

Verdscup-leiar og tittelforsvarar Lindsey Vonn var heilt ute av seg etter rennet. Oppgitt over å kome inn til ein sjuande-plass tok ho bladet frå munnen og fortalde at ho rett og slett er sjuk.

– Ærleg talt så føler eg meg ikkje heilt god akkurat no. Eg vakna i dag tidleg og tenkte at alt var greitt, men eg hadde hovudverk og eg var ufokusert. Eg prøver så godt eg kan, men det fungerer ikkje, seier Lindsey Vonn.

Austerrikske Elisabeth Görgl vann rennet, før amerikanske Julia Mancuso og tyske Maria Riesch.

Kanskje feil å stille opp i dag

Før løpet klaga Lindsey Vonn over at bakken i Garmisch-Partenkirchen var isete, bratt og humpete. I tillegg følte ho seg ikkje heilt bra. Ho tenkte på om ho burde trekkje seg, men konkluderte med at ho burde stille til start.

Lindsey Vonn

Lindsey Vonn var sliten og frustrert etter rennet i dag.

Foto: NRK

– Eg tenkte at eg kunne få til noko i dag, berre eg prøvde hardt nok. Det var kanskje ei feil avgjerd å vere med på løpet i dag. Men eg ville ikkje hoppe av. Eg var ikkje særleg god i dag, seier Lindsey Vonn.

– Som å vere inne i ei sky

Problema til Lindsey Vonn begynte lenge før ho sette utfor super-G-løypa. I dag klarte ho ikkje å gjennomføre førebuingane til rennet på skikkeleg vis.

– Eg føler eg er inne i sky. Då eg skulle memorere løypa, klarte eg ikkje å hugse portane. Eg sat der og såg ut i lufta, men eg såg ingenting. Dette er ikkje meg, og det er ei dårleg kjensle. Ved den tredje porten skjønte eg at ikkje ikkje hang med, seier Lindsey Vonn.

– Dette er ikkje meg

Akkurat no har Lindsey Vonn det så gale, at ho ikkje kjenner att seg sjølv. Ho ville så gjerne gjere det bra, men i dag var det umogleg.

– Eg prøvde å få noko ut av det mot slutten, og å kome inn på sjuande plass er no ikkje så aller verst, med tanke på korleis eg hadde det. Men eg er trist fordi eg veit at dette ikkje er meg. Eg hadde jo lyst til å forsvare tittelen, seier ho.

– Kan ikkje ta medisinar mot dette

Lindsey Vonn skal bruke dei neste dagane til å tenkje grundig over kva ho skal gjere no. Ho vurderer å droppe utfor-treninga, og ho er ikkje sikker på om ho blir med på super-kombinasjonen. På ein måte skulle ho ønskje at det fanst ein medsin som kunne ta henne ut av situasjonen ho er i no.

– Nokre dagar er gode. Andre er rett dårlege. Dette er verkeleg vanskeleg. Eg kan jo ikkje ta nokon medisinar for å få tilbake konsentrasjonen. Brått er det der, og brått er det der ikkje.

– Fryktar symptomar i eit heilt år

Den amerikanske superalpinisten fryktar no at hjernerystelsen kan skape problem for henne lenge. Ho har nemleg høyrt at den typen hjernerystelse ho har kan vare i eit heilt år.

– Nei, lækjarane kan ikkje seie kva som er gale. Ingen kan fortelje meg det. Nokre seier at folk kan ha slike symptomar i opp til eitt år. Eg kjem til å bli svært skuffa om det kjem til å ta så lang tid. Eg har aldri før hatt ein skade i hovudet som har vart så lenge som dette. No veit eg ikkje, eg er veldig frustrert, seier ei oppgitt Lindsey Vonn til NRK.

– Vi trudde det var ein hjernerystelse?

Eg har teke CT-undersøking av hovudet. Det ER ein hjernerystelse, men det er ein verkeleg trasig hjernerystelse. Der er inga bløding i hjerna. Hjernerystelse er forskjellig frå person til person, og ingen kan seie på førehand kor lenge symptomane kjem til å vare. Og det er så lite eg kan gjere med det. Det einaste eg kan gjere er å vente.

Men er du god på å vere tolmodig?

Eg er ikkje kjent for å vere tolmodig. Eg brukar å kome meg rett ut att i løypene sjølv om eg er skadd. Eg toler vanleg smerte. Men dette er ikkje vanleg smerte. Akurat no kan eg ikkje eingong gå på ski. Det er verkeleg frustrerande, seier Lindsey Vonn til NRK.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal