– Det er farleg. Av tryggingsomsyn er dette ei feil retning å gå.
Det seier Lewis Hamilton til eit samla pressekorps i Bahrain, ifølgje The Telegraph.
Han har nettopp gjennomført fleire testdagar før sesongstart, og blir spurd om kva han tenkjer om FIA, det internasjonale bilforbundet, forslaget sitt om å forby dekkvarmarar.
– Det kjem til å bli ei ulykke etter kvart om dei forbyr dekkvarmarar, seier Hamilton.
Forslaget skal etter planen stemmast over etter løpet på Silverstone i juli og kan potensielt bli innført allereie i 2024.
– Forvirra
Tidlegare Indycar-sjåfør og analyseekspert for NBC og F1s eigne sendingar, James Hinchcliffe, skjønner lite av kritikken til Hamilton.
– Eg blir forvirra av kritikken frå enkelte formel 1-sjåførar. Det å køyre på kalde dekk får fram nivåforskjellane på sjåførane, og det sparer miljøet masse når det gjeld energisparing og utslepp. Det at det er farleg, er bevist feil i fleire andre typar motorsport, skriv Hinchcliffe i ein tråd på Twitter.
USAMD MED HAMILTON: James Hinchcliffe.
Foto: Darron Cummings / APViaplays Formel 1-kommentator Atle Gulbrandsen meiner heller ikkje det vil vere farleg.
– Beviset på det er Indycar i USA. Dei køyrer utan dekkvarmarar. Det går heilt fint. Det er ikkje farleg, men det blir meir spennande. Så der er eg sterkt ueinig med Hamilton, seier han til NRK.
Trur ikkje forslaget blir innført
Sju gonger verdsmeister Hamilton er ein av få som har testa rundar utan dekkvarmarar på tørt føre, og erfaringa han fekk då likte han ikkje.
– Ein må køyre fleire rundar for å få dekka varme. Når ein køyrer ut med kalde dekk så sklir berre bilen. Når ein då kjem ut og møter nokon med varme dekk, så er det veldig lett å køyre inn i dei.
Gulbrandsen er klar på at betydninga av å køyre ut på banen med «kalde dekk» potensielt sett er stor.
– Heile den første runden etter eit depotstopp så vil dei slite, for då vil dei bruke lengre tid på å få opp temperaturen i dekket. Då vil dei slite. Men det er jo rettferdig, for det er likt for alle. Og alle må ha minst eitt depotstopp. Det som kan bli resultatet er at ein prøver å ha færre depotstopp.
– Eg trur det kan bli veldig spennande, for du slit litt når du kjem ut. Ja, nokon kan kanskje snurre, utan at eg trur det blir farleg av den grunn. Det er berre å sjå på Indycar, der dette har vore ein stor suksess.
EKSPERT: Viaplay-kommentator Atle Gulbrandsen.
Foto: Lise Åserud / NTBGulbrandsen trur likevel ikkje at forslaget vil bli innført med det første, sjølv om han er meir positiv til at det kan innførast på sikt.
– Det blir litt for demokratisk på eit vis. Når alle skal ha sitt å seie, så trur eg ikkje dei blir samde om det. Då trur eg dei vil halde fram (som no). Nokre gonger i sport fungerer diktatur bra, ved at det er ein sjef som seier at slik skal det vere. Men slik er det ikkje alltid i Formel 1, så eg trur kanskje ikkje det blir innført.
Tvilsam til miljøeffekt
Hamilton meiner heller ikkje miljøgevinsten er stor med å kutte ut dekkvarmarar.
– Vi bruker meir drivstoff på å få dekka varme. Det er ei meiningslaus øving, seier han.
Ifølgje Gulbrandsen er både kostnadskutt og berekraft retningar FIA ønskjer å gå med Formel 1, men Viaplay-kommentatoren meiner at det i eit klimaspørsmål ikkje er så viktig akkurat kva Formel 1-sirkuset slepper ut.
– Etter mi meining er Formel 1 der for «the greater good», for å utvikle teknologi som får ned utslepp globalt. Det er mykje viktigare enn at dei klarer å kutte litt i utsleppa på det omreisande sirkuset sitt.