Hopp til innhold

Siste nytt

  • U21-laget tapte for Spania

    Det norske U21-landslaget i fotball leverte ein godkjent kamp, men blei hakket for små mot eit sterkt spansk lag tysdag. Oppgjeret enda med 0-3-tap.

    Det spanske U21-landslaget var god matching for Leif Gunnar Smeruds utvalde før neste sommars EM-sluttspel. Spania er ingen kven som helst, og gjekk blant anna utan tap gjennom si EM-kvalifisering.

    Etter 38 minutt måtte keeper Kristoffer Klaesson i aksjon med ein flott beinparade på Rodrigo Riquelmes skot. På den etterfølgjande corneren fekk Jose Gragera stå umarkert inne i feltet og sette inn 1–0 frå kort hold.

    Abel Ruiz fekk det veldig enkelt inne i det norske feltet då han auka til 2–0 etter 51 minutt.

    På tampen fastsette Spania sluttresultatet til 3–0 då innbytar Hugo Novova fekk plass på kanten og sette ballen i mål ved første stolpe bak Klaesson.

    Kristoffer Klaesson
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Sykkelstjerne angrer på hotellbråket

    Sykkelstjernen Mathieu van der Poel tar selvkritikk etter at han havnet i klammeri med to tenåringsjenter og ble anholdt av politiet natten før VM-fellesstarten i Australia søndag.

    – Jeg holdt den ene jenta i armen, men det var absolutt ikke med hensikt å skade noen. Alle som kjenner meg vet at jeg aldri har skadet noen, sier belgieren til avisen Het Niewsblad, ifølge NTB.

    – Det er mange historier om at jeg dytter og sånne ting. Det er absolutt ikke sant. Det var ikke det som skjedde, forteller 27-åringen.

    Mathieu van der Poel under VM-fellesstarten i Australia
    Foto: Rick Rycroft / AP
  • Doblar talet på sprintløp i formel 1

    Neste års VM-kalender i Formel 1 vil innehalde seks sprintløp. Det er tre fleire enn i 2022.

    I 2021-sesongen blei det halde sprintløp på Silverstone, Monza og Interlagos-banen. Inneverande sesong blei Imola, Red Bull Ring og Interlagos valt som arrangørar.

    – Sprintløp gir ein spennande dynamikk til løpshelgformatet, og har vist seg å vere populært dei siste to sesongane, seier presidenten i Det internasjonale bilsportsforbundet (FIA), Mohammed Ben Sulayem.

    Formel 1-sjef Stefano Domenicali seier auken som no er vedtatt, vil gi sporten ein heilt ny dimensjon.

    I helger med sprintløp blir kvalifiseringa flytta til fredag. Samtidig blir resultatlista frå laurdagens køyring avgjerande for startrekkefølgja i hovudløpet 24 timar seinare.

    Denne sesongen har i tillegg poengea under sprintløypa økt. Vinnaren har fått åtte, mens nummer to og tre får med sju og seks.

    Formel 1-sprint
    Foto: ERWIN SCHERIAU / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 62 klipp
Sport
Spiller nå
Haaland om anklagene mot City-eierne: – Drøye ord 01:20
Neste