Larvik HK tilbake i Eliteserien
Larvik håndballklubb vart degradert til 1. divisjon i fjor etter at dei ikkje klarte å oppfylle krava til spel i toppdivisjonen. I dag rykka dei opp att etter ein 30-26-siger over Rælingen.
– Dette er heilt uverkeleg, og det er mykje kjensler i sving no. Eg kom til klubben utan erfaring på dette nivået, kor eg har jobba med mange unge spelarar. At me no har klart å rykke opp kan me alle vere stolte av, sa trenar Lars Wallin Andresen til Østlands-Posten etter kampen.