- Dette var fantastisk deilig, sa Berger då han gjekk i mål og forsto at han hadde vunne.
For det gjorde han ikkje med det same. Han visste ikkje korleis han låg an ute i løypa, og gjekk heilt i mkjellaren. I målområdet var han liggande eit heilt minutt før han klarte å reise seg.
Hør intervjuet med Berger rett etter målgang:
- Eg ante ikkje om eg låg ti sekund før eller ti sekund etter, så det var berre å gi alt eg hadde, seier Berger til NRK.
Den norske veteranen fekk det til så det sang på standplass, og skaut ti blinkar rett ned. Han gjekk heilt til topps på sprinten i Ruhpolding.
Berger var 21 sekund føre Martin Fourcade i mål.
- Går ein av 50 gonger
- Eg tok litt risiko med dei to siste skota. Det går ein av 50 gonger, sa Berger til NRK rett etter målgang.
- Men den siste runden var vanskeleg. Eg visste ikkje om eg låg føre eller bak, sa han.
- Eg har merka at det begynte å gå betre i Oberhof, så det var synd det gjekk litt gale på slutten onsdag. Derfor var det godt å få det til i dag, seier Berger, som no truleg sikra plassen på VM-laget.
- Ja, det håpar eg, seier han.
- Men dermed ryk vel også ski-VM i Holmenkollen?
- Langrenn har vel nok folk til å klare VM åleine, seier Berger.
Berger har fem verdscupsigrar frå før, men det er to år sidan sist. Han hugsa det ikkje sjølv, men det var i prøve-OL i Vancouver.
Stang ut for Hegle og Bø
For Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø vart det for mykje stang ut på standplassen. Ein bom på siste skotet blei for mykje for Emil Hegle Svendsen, men han var heile 47 sekund bak Berger i mål.
Han enda på fjerdeplass, plassen føre Tarjei Bø, som han slo med 2,5 sekund.
Ole Einar Bjørndalen slit framleis med langrennsformen. Med ein bom var han 1.22 minutt bak Berger og vart nummer 17.
Alexander Os vart nummer 33, og får dermed også vere med i jaktstarten søndag. Det får ikkje Ronny Hafsås, som ende på 67. plass