Hopp til innhold

Landslaget har hatt eitt stort problem dei siste åra

Sidan Brede Hangeland gav seg på landslaget, har Noreg stilt med ulikt midtstopparpar i kvar tredje teljande kamp.

Brede Hangeland

KAPTEIN: Brede Hangeland var ein viktig mann på landslaget, både som kaptein og midtstoppar.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

4-0-tapet for Frankrike i 2014 skulle bli Hangelands sin siste kamp for Noreg. Då hadde landslagskapteinen vore ei klippe under fire ulike landslagstrenarar.

At landslaget skulle merke saknet, var derfor openbert.

Men framleis – sju år seinare – står Noreg utan det openberre paret. Kristoffer Ajer har vorte ein einar, men ifølgje TV 2 startar Ajer på benken mot Gibraltar. Marius Lode får sin landslagsdebut ved sidan av Stefan Strandberg, skriv kanalen.

Då vil Noreg få nok eit midtstopparpar til statistikken.

På dei 44 teljande kampane som er spelte etter at Hangeland gav seg, har Noreg nemleg stilt med 15 ulike konstellasjonar på midtstopparplassane.

Håvard Nordtveit, Vegard Forren og Even Hovland tok ansvaret i den følgjande VM-kvaliken i 2014 og 2015. Dei fem siste åra er tala likevel endå meir tydelege: 32 teljande kampar og 15 ulike midtstopparpar.

Seks stopparar – 33 landskampar

Kontrasten til 1990- og 2000-talet er med andre ord slåande. Den gongen hadde Noreg luksusproblem i dei bakre rekkjene.

«Kor stor skal vi gjere historia?» spør Brede Hangeland når NRK trekkjer fram midtstoppartala.

I dag er han ein viktig del av Ståle Solbakken sitt støtteapparat som «player manager». Etter avslutta spelarkarriere har han følgt utviklinga som ekspert for TV 2.

Det openberre svaret, påpeikar Hangeland, er at Noreg ikkje har funne ein konstellasjon som har fungert optimalt.

Men forklaringa stikk djupare.

Noreg har jo gått frå å vere ein midtstopparnasjon til kanskje ikkje å vere det så mykje dei siste åra. Men på generelt grunnlag er det å finne eit par som spelar ofte saman og blir godt kjent med kvarandre og systemet, ein av dei viktigaste delane for å byggje eit godt lag. Det har openbert vore ei utfordring for det norske landslaget i ein del år, og vi håpar at vi får det på plass. Det vil berre framtida vise, seier Hangeland.

Privatlandskamp mellom Island og Norge i fotball. (2-3).

STOR FREMTID: Kristoffer Ajer har vore ei fast brikke i det norske midtforsvaret. Partnarane hans har likevel vore ulike.

Foto: Lise Åserud / NTB

På grunn av koronasituasjonen har Solbakken tatt ut seks midtstopparar til dei første VM-kvalikkampane. 22 år gamle Ajer står allereie med 19 landskampar, men den siste plassen er altså langt meir open.

Stefan Strandberg har vore mykje skadeplaga, medan Rune Gabrielsen fekk landslagsdebuten sin for «naudlandslaget» mot Austerrike i fjor haust. Dei tre andre har førebels ikkje representert Noreg.

– Det må vi finne ut av

Noregs Fotballforbund (NFF) adresserte sjølv behovet for fleire midtstopparar ved å starte rolletrening for midtstopparar i 2017.

Men kvifor har utvalet krympa?

– Eg trur norsk fotball gjer heilt rett i å innføre eit langsiktig, auka søkelys på stopparplassen. Slik eg ser det, var det ein periode der det vart produsert veldig mange teknisk gode, ofte sentrale midtbanespelarar. Det heng sikkert litt saman med kunstgras i større og større grad i norsk fotball. Desse to tinga har gjort at det har vorte eit større utval av desse typane, og eit mindre utval av stopparar. Det er jo ein meir langsiktig observasjon, seier Hangeland og held fram:

På eit A-landslag vel ein dei beste, og akkurat der er det veldig jamt mellom stopparane som er her no. Sett i eit veldig tydeleg system, så håpar vi at alle stopparane i troppen kan gjere ein god jobb. Men eg sit ikkje her no og veit kven som skal vere stopparpar for Noreg dei neste åra. Det må vi finne ut av.

Strandberg er i dag den eldste utespelaren i troppen, og han har vore inne og ute av landslagsvarmen sidan 2013.

Stefan Strandberg

VETERAN: Stefan Strandberg har vore inn og ut av laget i ei årrekkje. No kan han bli makkeren til Kristoffer Ajer.

Foto: Orn E. Borgen / AFP

Han er tydeleg på at midtstopparane har levert for variabelt for lenge.

– Det har vore for mykje rulleringar. Det har det. Vi har ikkje heilt funne den konstellasjonen som har utfylt kvarandre godt nok. Det har vore bra prestasjonar, for all del, men det har vore for varierande, seier Strandberg.

– Den mest avgjerande duoen

Strandberg trekkjer mellom anna fram at det òg handlar om kven som bestemmer, altså kva stopparpar som passar best til fotballfilosofien til den aktuelle landslagssjefen.

Fotball, VM-kvalifisering: Trening med Norges herrelandslag

STOPPARTRØBBEL: Ståle Solbakken skal snart plukke ut midtstopparparet sitt.

Foto: Geir Olsen / NTB

I det han påpeikar at dette er eit stort og samansett bilete med mange forklaringar, avbryt han seg sjølv:

Men det er ikkje vits å bortforklare noko som helst. Vi som har spelt stopparar dei siste par åra må berre rekke handa i vêret og seie at det som har vorte levert, ikkje har vore godt nok. For min eigen del speler kroppen meir på lag, og eg har vore meir skadefri. Då forventar eg gode prestasjonar av meg sjølv på dette nivået, seier Strandberg.

Hangeland veit betre enn dei fleste kva eit velstøypt stopparpar betyr for eit lag. Og spesielt for eit lag leia av Ståle Solbakken.

– Viss du har eit stopparpar som kjenner kvarandre og systemet, er det den viktigaste linken i eit lag slik eg ser det. Det er den mest avgjerande duoen i eit lag, seier Hangeland.

– Stopparane ser jo det store biletet meir enn alle andre. Dei ser kva som går føre seg føre seg, og slik sett er det veldig viktig å finne ein konstellasjon som fungerer, og som du kan utvikle over tid og gjere betre og betre.

Siste nytt

  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP
  • Fenomenet Wembanyama enstemmig valgt til årets rookie i NBA

    Victor Wembanyama levde opp til de enorme forventningene i debutsesongen i NBA. Han ble enstemmig valgt til årets rookie.

    Det franske fenomenet ble oppført på førsteplass på samtlige 99 stemmesedler. Selv om han spilte for et dårlig lag (San Antonio Spurs, som vant bare 22 kamper), leverte han prestasjoner som ikke er sett før.

    Wembanyama endte med snitt på 21,4 poeng, 10,6 returer, 3,9 assist, 3,6 blokkerte skudd og 1,2 ballerobring per kamp. Ingen spiller har i sin første sesong hatt så gode tall i alle de kategoriene.

    Phoenix Suns forward Kevin Durant fouls San Antonio Spurs center Victor Wembanyama
    Foto: AP
  • Træen måtte bryte Giro d'Italia – Milan endelig til topps

    Den norske sykkelproffen Torstein Træen måtte tirsdag stå av Giro d'Italia som følge av krasjen på åpningsetappen. Jonathan Milan vant tirsdagens etappe.

    Siden hans forrige seier i Giroen, hadde Milan fem 2.-plasser før triumfen endelig kom i tirsdagens spurt. Italieneren vant etappen foran Kaden Groves og Phil Bauhaus.

    – Etter fem 2.-plasser er det lett å unna ham denne seieren, utbrøt Discovery-kommentator Theis Magelssen.

    Træen skadet kneet stygt og måtte sy flere sting som følge av lørdagens velt. Likevel kom han seg til mål og fullførte også etappene søndag og mandag.

    – Jeg må dessverre fortelle at jeg bryter Giroen. Smertene ble for store, og det var ikke fornuftig å fortsette. Jeg synes det er veldig kjipt å måtte gi meg, men nå skal jeg hjem og restituere og fokusere på resten av sesongen, sier Træen i en video Bahrain-Victorious har publisert på X.

    Torstein Træen under Tour de France i 2023
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal