Hopp til innhold

Landslagssjefen om Tufte i 1995: – Råsterk som ein okse, men elendig teknikk

Olaf Tufte tolte ikkje like mykje trening som dei andre i firaren før OL i 1996. Men han blei etter kvart så treningsivrig at han måtte vernast mot seg sjølv, fortel lagkameratane frå Tuftes OL-debut.

Olaf Tufte

IMPONERANDE: 40 år gamle Olaf tufte er klar for OL-finale, 40 år og seks OL etter Tuftes debut i 1996. Det imponerer meir enn overraskar lagkameratane frå firaren i Atlanta i 1996

Foto: Luca Bruno / Ap

Olaf Tufte er i sitt sjette OL. Det overraskar sjølv dei tre andre som sat i båten i Atlanta for 20 år sidan.

40-åringen OL-debuterte i 1996. Då sat han i firar utan styrmann saman med Halvor Sannes Lande, Morten Bergesen og Odd-Even Bustnes.

Suksessen var så måteleg. Båten vart slått ut i semifinalen og hamna i B-finalen. Der enda dei på andreplass, og blei dermed nummer åtte totalt.

Olaf Tufte

DEBUTEN: Her er Olaf Tufte «motoren» i den nykompnerte firaren som blei nummer 8 i OL i Atlanta

Foto: NRK

Båten var nykomponert, og ingen snakka om OL-deltaking før hausten 1995. Lande, Bergesen og Bustnes var alle medlemmer i Norske Studenters Roklub, og planla satsing fram mot OL året etter.

Men dei mangla ein fjerdemann. Inn kom 20 år gamle Olaf Tufte frå Horten – som blei «motor» i OL-båten.

Resten er historie.

Bergesen og Bustnes la opp direkte etter OL i 1996. Lande heldt på i fire år til, men gav seg då han ikkje greidde å kvalifisere seg til OL i Sydney.

Slik hugsar dei tre andre den 20 år gamle OL-debutanten frå den gongen:

  • Odd-Even Bustnes om Tufte

– Vi prøvde å finne ein fjerdemann for å satse på OL i 1996, og eg ringde landslagssjef Frank Hansen. Han hadde høyrt om ein i Horten.

«Det sit ein bonde utanfor Horten. Han er ung og har ein elendig teknikk. Men han er råsterk som ein okse. Få han med, så har de ein motor», sa Frank.

Han blei med. Vi hadde vår første trening i november, og Olaf viste seg å vere den motoren vi hadde bruk for.

Det viste han under treningsleiren vi hadde i Sevilla, under leiing av svært dyktige Mikhail Ivanov, som samkøyrde og finstemte firaren. Vi blei eit godt samansveisa lag.

Eit fysisk unikum

Olaf Tufte

PÅ TOPPEN: Ein rørt Olaf Tufte med gullet i singlesculler i Aten i 2004

Foto: MORRY GASH / Ap

Då vi etterpå kom opp på treningssentert på Olympiatoppen, hadde dei aldri målt så høge verdiar på opptak.

Han var og er eit fysisk unikum når det gjeld kapasitet. Vi var ikkje kvalifiserte til OL på det tidspunkt, og han var heilt klart sentral for at vi greidde det.

Vi måtte bli blant dei to beste i kvalifiseringa, og tok andreplassen. Like før mål var vi på tredje, men med ein kjempespurt gjekk vi forbi Spania rett før målstreken og kvalifiserte oss. Og i den spurten var Olaf sentral.

Bestefattern

Eg er i det heile ikkje overraska over at han har sølv og to gull i OL. Om eg er overraska over noko, er det at han har greidd å kome tilbake etter nedturen i 2012 då han var sjuk og sliten. Det er både overraskande og imponerande for ein 40-åring.

I dag snakkar han om sin makker som «guttungen». Den gongen snakka han om meg som «bestefattern». Eg var eldstemann og sju-åtte år eldre.

  • Halvor Sannes Lande om Tufte:

Firar utan styrmann

VM-FIRAR: Halvor Sannes Lande (føre) og Olaf Tufte heldt fram samarbeidet også etter Atlanta-OL. Her i firaren frå VM 1998

Foto: ROLAND WEIHRAUCH / AP

– Olaf var yngstemann, og kom inn i gjengen til oss som kjende kvarandre frå før. Vi møttest hausten 1995, og han var nok ikkje den mest treningsvillige den gongen. Vi såg at han hadde ein heilt rå kapasitet, men driven og motivasjonen verka ikkje å vere heilt på topp.

Men det var i starten. Vi reiste på treningsleir til Spania på nyåret, og etter to-tre månader der var både motivasjonen og fysikken på topp.

Og ikkje minst hovudet – det var han som pressa oss etter den leiren.

Han viste slik framgang at eg etter kvart vart overtydd om at han kunne nå akkurat så langt han ville. Den motivasjonen han har no, er enorm og heilt ufatteleg.

Misunneleg

Men likevel er eg overraska – og sjølvsagt imponert – over at det han har oppnådd. At han skulle ta to individuelle OL-gull og er med i sitt sjette OL, overgår også det eg trudde han skulle få til.

Men det mest imponerande er likevel at han er tilbake i toppen etter alle helse- og skadeproblema han har hatt.

Eg må nok vedgå at eg er litt misunneleg på at han har makta å gjere roinga til karriere og levebrød.

  • Morten Bergesen om Tufte:

– Vi var dei to yngste, men Olaf var yngst og junioren på laget. Men han hadde ein vanvittig motor og var ein kraftressurs i båten.

Men han tolte ikkje like mykje trening som vi den gongen. Vi måtte vere litt forsiktig med å presse han for hardt. Men han hadde eit beinhardt hovud som alltid var oppteken av å avslutte med ein sterk spurt – uansett kor langt vi låg føre dei andre.

La alt anna til side

Fredrik Bekken og Olaf Tufte

MEDALJE: Fredrik Bekken og Olaf Tufte (t.h.) med sølv i dobbelsculler i Sydney i 2000

Foto: THOMAS COEX / AFP

Han var ein utruleg bra fyr å vere saman med, og alltid positiv.

Han la alt til side då han kom til oss og vi skulle satse på OL. Han kjende oss ikkje. Halvor og eg hadde rodd toar, og alle tre var vi klubbkameratar.

Vi hadde ei treningsøkt i Frognerkilen med Ivanov, som var klubbtrenaren vår, i oktober. Og basert på den eine økta, bestemte vi oss for å reise til Sevilla 1. januar 1996 og vere der i seks veker. Olaf sleppte alt han hadde heime i Horten for å vere med på det. Han hadde aldri vore lenge heimanfrå. Vi som var yngst vart romkameratar, og eg var som ein farsfigur for han.

29. juni kvalifiserte vi oss til OL, mindre enn ein månad før OL-starten.

Ville gjennomføre alt

Eg er ikkje overraska over at han har hatt den karrieren han har hatt. Han fullførte alt med blod og tårer. Han hadde ikkje samvit til å avgrense seg, han ville gjennomføre, sjølv om han ikkje tolte det. Vi måtte passe på å ikkje gje han for store utfordringar, rett og slett. Han har eit treningstalent og ein treningsvilje langt utanom det vanlege.

Men han må ha blitt flink til å lytte til sin eigen kropp, elles hadde han ikkje kome så langt. Seks OL er heilt utruleg.

I dag kan han trene kor mykje som helst. Det er noko han har bygt opp, slikt blir ein ikkje fødd med. I dag er det nok få som toler like mykje trening som Olaf.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal