Laget gjorde heilomvending før Italia rundt – sykkelkomet trur han vart undervurdert

Koronapause og overraskande testverdiar var truleg det som sikra Tobias Foss (23) deltaking i Italia rundt.

Tobias Foss

TRE VEKER: Tobias Foss er klar for sitt første treukersritt, Italia rundt

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

– Det er litt uvisst kva ein går til, men det gjeld å berre førebu seg så godt som mogleg, og komme dit i god fysisk og psykisk form. Ta ein dag av gongen og lære av dei andre på laget, seier Jumbo-Visma-ryttaren Foss til NRK.

På veg til den første samlinga si med laget etter ein lang pause på grunn av koronapandemien, er fokuset retta mot ein kort, men innhaldsrik haustsesong.

NM, Polen rundt og Ungarn rundt står på programmet til den klatre- og temposterke 23-åringen når sykling på det øvste nivået blir teke opp att frå 1. august. Det same gjer Italia rundt, som NRK melde tysdag.

– Dei har vore overraska

Men det var eigentleg ikkje planen, fortel ryttaren som er inne i den første sesongen sin på det øvste nivået i sykkelverda.

– Den opphavlege planen var at eg ikkje skulle køyre ein Grand Tour, så eg vart litt skuffa, for eg hadde veldig lyst, i alle fall å komme gjennom ein, fortel 23-åringen.

Tobias Foss på samling våren 2020

Foss fortel at han har brukt koronapausen godt, og at fysikken er der den skal vere før sesongen startar opp igjen.

Foto: Jumbo-Visma

Så snudde laget, og det krediterer Foss dels til ein god treningssommar og dels til koronapandemien.

– Eg har fått litt inntrykk av at dei mest sannsynleg har undervurdert meg lite grann. Eg har gjort eit par bra testar, men heller ikkje noko eg ikkje har gjort før. Men dei har vist at dei har vore overraska over det, i positiv forstand, seier Foss og held fram:

– Det handlar nok òg mykje om at dei var mange som i utgangspunktet skulle køyre dobbelt-program, som slit med det sidan det no er så tett og at Italia rundt og Spania rundt overlappar.

Samtidig trekkjer fjorårets vinnar av Tour dei l'Avenir, også kalla «Ungdommens Tour de France», fram at laga kanskje fekk meir enn dei forventa i han.

– Eg trur dei har fått nokre aha-opplevingar med tanke på fysikken min i alle fall, og det er ålreit.

– Ein veldig god lagspelar

I rittet, som vanlegvis går på våren, men som i år går frå 3.–25. oktober, er nordmannen tiltenkt ei hjelperyttarrolle for mellom anna spurtkanonen Dylan Groenewegen.

Og den jobben trur NRKs sykkelkommentator, Ole Kristian Stoltenberg, ungguten vil passe bra til.

Ole Kristian Stoltenberg

Ole Kristian Stoltenberg trur nordmannen blir verdifull brikke for Jumbo-Visma i Italia rundt.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Han er veldig god til å klatre, køyre tempo og liggje i felt. Mest sannsynleg blir han ein veldig god lagspelar under Italia rundt, uttaler Stoltenberg, som meiner uttaket er fortent.

Samtidig er kommentatoren klar på at dersom Foss skulle få lov av laget til å køyre for eigne sjansar på éin eller fleire etappar, så kan han nå langt opp på resultatlista.

– Det ville vore ei stor overrasking viss han vann ein etappe. Men eg meiner at viss han kjem i eit riktig brot og dagen er god, så kan han gjere akkurat det. Han har alle talenta som kan setje dei fleste i eit brot til side, avsluttar Stoltenberg.

Sportsnyheter

Ble buet av banen – så hyllet Solskjær supporterne

Ole Gunnar Solskjær og Manchester United lukket ørene for pipekonserten på Old Trafford. I stedet tok de med seg applausen fra Stretford End – og snudde 0–2 til 3–2.

Siste nytt

  • Chelsea kjørte over Malmö

    Chelsea var aldri truet i oppgjøret mot Malmö onsdag og kjørte over de svenske gjestene med 4-0. Både Romelu Lukaku og Timo Werner måtte av med skade i kampen.

    Champions League - Group H - Chelsea v Malmo FF
    Foto: David Klein / Reuters
  • Akershus har tillit til skistyret

    Styremedlem Dag Helland-Hansen i Akershus skikrets bekreftar overfor NRK at dei ikkje vil komme med eit mistillitsforslag mot det sittande skistyret.

    Det blei klart i et styremøte i kveld. Dei vil heller presentere eitt forslag til løysing, som vil bli diskutert på kretsledermøte førstkommande helg.

    – Denne løysinga vil bli presentert før kretsledermøte. Vi meiner at denne løysinga vil vere betre enn eitt mistillitsforslag, skriv Akershus skikrets i ein utsegn.

    Røste og Bråthen
  • Etterlengtet Barcelona-seier

    Barcelona slo Dynamo Kiev 1-0 etter en scoring av Gerard Piqué i første omgang. Det var en mildt sagt etterlengtet seier, etter at det spanske storlaget hadde tapt de to første kampene i årets mesterliga.

    yzYC5GH0y5Q
    Foto: JOSEP LAGO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal