Romania fekk i utgangspunktet ikkje lov til å ha publikum på tribunen i kampen mot Norge tysdag. Dette som følgje av at heimefansen skal ha kome med rasistiske tilrop i kampane mot Spania og Malta, ifølgje TV 2.
I dag kom kuvendinga, der Romania har fått løyve til sleppe inn 30.000 born til å sjå kampen. Kvar gruppe med ti born skal ha følgje med ein vaksen person, seier den rumenske journalisten Emanuel Rosu til Nettavisen.
– Det er regelverket som UEFA har, og så kan man jo synst at det er litt rart. Full respekt og forståing for at dei då inviterer unge. Men veldig rar avgjersle når man tydleg vil markere mot rasisme, sa den norske landslagstrenaren då han møtte pressa tysdag.
Og han fekk full støtte frå Stefan Johansen.
– Eg er heilt samd. Rasisme skal ikkje skje i fotball. Det har vore mykje fokus på det frå store profilar. Rasisme skal straffast hardt. Men no har ikkje vi noko med det å gjere, så vi får fokusere på det vi skal gjere, sa Fulham-spelaren.
– Ingenting overraska meg lenger
For det som skulle bli ein kamp for tomme tribunar, blir så absolutt ein heilt annan kamp enn det som vart tenkt. Og det overraska den norske landslagssjefen.
– Eg trudde ingenting overraska meg i fotball lenger, men dette overraska meg. Eg visste ikkje at UEFA hadde denne regelen.
Og han legg til:
– Vi visste ikkje om regelen. Men dei føl berre reglane. Vi må fokusere på det som skjer på bana, ikkje det som skjer utanfor bana.
Bekymra for rasisme
England sin landslagssjef har tidlegare uttalt at han vil ta laget av bane, dersom det skulle komme rasistiske tilrop frå publikum. På slutten av pressekonferansen tysdag kom den norske landslagssjefen med ei klar appell.
– Eg ønsker å legge til at samtidig som vi respekterer avgjersla, så vil eg bli veldig skuffa dersom noko slikt skjer også i morgon. Vi har også ein del spelarar med utanlandsk bakgrunn, og dette er noko som bekymrar oss. Eg veit ikkje korleis eg vil reagere om noko sånt skjer i morgon. Eg håper at dei respekterer alle, om ikkje må vi også ta ein avgjersle som liknar på det andre lag diskuterer i augneblinken.
Arena Nationale i Bucuresti har plass til 55.000 på tribunen. Ifølgje UEFA er det born opp til 14 år som får lov å sjå kampen.