Meisterligaheltane frå Larvik kunne endeleg løfta verdas gjevaste klubbpokal i handball på norsk jord etter 47-46 samanlagtsigeren mot Itxako i går.
– Dette er noko av det største ein kan oppleva. Det er utruleg godt. Vi har bevist at vi kan ta «bøtta» heim. Det var på tide, seier Larviks Tonje Larsen på Torp flyplass, som fortel at ho sprang til krampa tok ho mot Itxako.
(artikkelen held fram under biletet)
Pokalgrossistar
Men Larsen er ikkje den einaste norske spelaren som har gitt alt for å vinne titlar for Norge.
Norsk handball har vore ein solid tittelsankar sidan 1998. Larviks meisterligasiger lørdag gjør at alle tunge trofé har vore, eller er på norske handballhender.
- LES OGSÅ: Endelig mesterligatittel for Larvik
Frode Kyvåg er av trenarane som har henta heim to tunge trofé som trenar for Bækkelaget. Han meiner at det ikkje finst nokon enkel forklaring på kvifor Norge har tatt så mange medaljar.
– Kontinuitet skapar og krevjar kvalitet. Det har vore ei utvikling i Norge der det har blitt lov for jenter å spele handball, vere god og trene mykje, seier Kyvåg.
Unik satsing på miljø
Kyvåg meiner at suksessen dei siste ti åra er ringverknadar frå 80-talet, og at alt starta med at Norges kvinnelandslag vann bronsefinalen mot DDR i VM i Holland 1986. Då blei ein heile nasjon inspirert til å spele.
– Dei neste 14 dagane etter sigeren var alle sportsforretningar utseld for handballar. Dette seier litt om korleis fenomenet fungerer. Laget som VM i 1999 mot Frankrike såg bronsefinalen i 1986. Mange av Larvik-spelarane som såg finalen i 1999 tok meisterligagull i går, seier Kyvåg.
Han legg til at Norge både på klubb og landslagsnivå har satsa tungt på kontinuitet gjennom godt treningsmiljø og eit solid apparat rundt spelarar, noko som har gjort at dei færraste har søkt seg utanlands.
– Det seier jo litt når Larvik består av nesten bare norske spelarar. Dette er jo eigentleg det norske landslaget, forsterka med Cecilie Leganger og Lene Rantala, seier Kyvåg.
– Så kan ein jo sjå på kva som skjer internasjonalt, og kor godt nivået er i andre land. Men dette går i periodar. Det har det alltid gjort, seier Kyvåg.
– Veldig spesielt å vinne
Cecilie Leganger har tidlegare vunne Champions League med danske Slagelse. Men å vinne med eit norsk klubblag står høgt i kurs.
– Det er stort å vinne, men å vinne med norske jenter har vore eit mål i seg sjølv. Det er deilig å sjå eit norsk lag som endeleg tar steget. Vi skal vere stolte i dag, seier Leganger.
(artikkelen held fram under biletet)
Også Karoline Dyhre Breivang har opplevd mykje på handballbana.
– Det er alltid vanskeleg å samanlikne titlar, men å vinne noko med eit klubblag er veldig spesielt. Vi har trena veldig hardt for dette lenge, så det er klart eg set det veldig høgt, seier Breivang.
Fenomenal supporterstøtte
Spanske Ixtako vann til slutt 25-24 i går, men det var ikkje nok til å ta den store Meisterliga-pokalen ifrå Larvik.
- REFERAT: Ixtako - Larvik
Gro Hammerseng satte inn eit avgjerande mål som ga 24-24. I dag var ho sliten, men lukkeleg for all støtta laget hadde fått på veg til triumf.
(artikkelen held fram under biletet)
Hammerseng har vore ei sentral brikke i mange norske handballtriumfar, men i dag ville ho fokusere på den enorme supportarstøtta laget fekk.
– Det var deilig at vi hadde med så mange supporterar. Dei gjorde ein skikkelig god jobb for oss, seier Hammerseng.