– Eg er utruleg skuffa. Det er ikkje til å tru. Vi blir rett og slett motarbeida, skriv Maren Lundby i ei melding til NRK.
Det var hoppmiljøet i Norge som hadde lagt inn ein forslag om at damene for første gong skulle få hoppe skiflyging under Raw Air neste år.
Alle dei store nasjonane som Tyskland, Polen og Austerrike stemte nei. I alt ni nasjonar var med på å knuse Maren Lundby sin store draum, medan det var sju nasjonar som støtta Norge sitt forslag.
KLAR TALE: Maren Lundby klar i talen på sin eigen instragram etter at vedtaket frå FIS kom.
– Vi får stadig høyre at vi ikkje er attraktive nok til å ha like rammevilkår som herrane. Det er dessverre vanskeleg å få til når vi ikkje får vise oss frå vår beste side, seier Lundby.
Sportssjef for dei norske hopplandslaga, Clas Brede Bråthen, var den som fremja forslaget på vegner av Norge.
– Eg forstår at damemiljøet er skuffa. Eg er skuffa sjølv også, men eg opplever at prosessen var god. Vi fekk legge fram våre synspunkt og tankar på ein ryddig og god måte.
Trur på skiflyging i 2023
Bertil Pålsrud som er leiar i utstyrskomiteen i FIS og sitt i hoppkomiteen følgde møtet frå sidelinja. Han er på lik linje med dei andre norske skuffa i dag.
RETT VEG: Bertil Pålsrud er trygg på at Maren Lundby og dei andre damene får fly i Vikersund i 2023.
Foto: Jorunn Hatling / NRK– Samtidig har vi sett at det går veldig raskt i riktig retning. Frå å ha null støtte, så er det no eit knipent mindretal som tapte. Det ser eg som ein positivt utvikling.
Han er likevel trygg på at døra ikkje er lukka for at kvinnene skal få hoppe skiflyging i framtida.
– Neste mogelegheit blir i 2023. Der må eg sei at det ser veldig lovande ut. Eg har ikkje lyst til å skape nokon falske forhåpningar, men eg er ganske trygg på at i 2023 så ligg skiflyging inne i kalenderen vår, konkluderer Pålsrud.
Han får støtte av den norske sportssjefen, som trass nederlaget i dag, gleder seg over at det kommande sesong blir langt fleire hopprenn for kvinnene.
– Mange fleire renn i storbakke og fleire renn saman med herrane. Vi har store forhåpningar om at vi i 2022/2023 får sjå kvinnene ikkje berre i skiflyging, men også i hoppveka samen med herrane.
GOD PROSESS: Sportssjef Clas Brede Bråthen meiner at det var ein god prosess, sjølv om han er skuffa over utfallet.
Foto: Frode Søreide