Kritikken mot kunstløp-dommarane var sterk etter at russiske Adelina Sotnikova tok gull i friløpet for kvinner torsdag.
Sotnikova var heile 5,48 poeng føre koreanske Kim Yu-Na. Det får meir enn ein kunstløp-kjennar til å reagere.
Krev ny dømming
I Sør-Korea er reaksjonane elektrisk harmdirrande. Nettstaden
går hardt ut og krev ein open høyring om karaktergivinga i konkurransen, og krav om ny dømming. Kravet hadde på få timar samla 75.000 underskrifter.Researcher Alex Goldberger i den amerikanske tv-kanalen NBC sa at "Sotnikova var god, men Kim vart rana for gullet".
– Eg synest det er svært rart. Eg har prøvd å finne ut kvifor Sotnikova vann, og i alle fall kvifor avstanden var så stor. For meg såg det ut som om Kim var klart best. Men kunstløp er ikkje berre skøyteferdigheiter, det er også matematikk, seier Kurt Browning.
Han er tidlegare firdobbel verdsmeister, og kommenterte konkurransen for kanadisk tv.
Gullet til 17 år gamle Sotnikova var eit plaster på såret same dag som det gullet Rusland aller helst ville ha, glapp. Russland tapte for Finland i kvartfinalen i ishockey.
– Skammens gullmedalje
Tyske Katarina Witt forstod heller ikkje resultatet.
– Dette er skammens gullmedalje. Kim Yuna er den verkelege dronninga, twitra Witt.
Ho tok OL-gull i 1984 og 1988, og er saman med Sonja Henie (1928, 1932 og 1936) den einaste kvinna som har klart å forsvare ein OL-tittel i kunstløp for kvinner. Kim vann i 2010 og hadde sjansen til å bli den tredje.
Tidlegare suspendert dommar
Ein av dei ni dommarane i konkurransen var ukrainske Juri Balkov. Han var
etter å ha vorte kjend skuldig i ein dommarskandale i OL i Nagano i 1998.Ein av dei andre dommarane, Alla Sjekhovtseva, er gift med Viktor Sjekhovtsev, som er direktør i det russiske kunstløpforbundet. Ho forsvarar avgjerda.
– Både Sotnikova og Kostner (Carolina Kostner som tok bronse) gjorde sju trippelhopp, Kim seks. Og medan Kim tok kombinasjonen trippel lutz/trippel toeloop og Kostner kombinasjonen dobbel axel/trippel toeloop, gjorde Sotnikova begge kombinasjonane. Derfor var Sotnikovas program teknisk vanskelegare, forklarte Sjekhovtseva.
Ho ville ikkje svare på fleire spørsmål om dømminga.
– Eg har gjort min jobb,. Vidare spørsmål må rettast til juryen, seier ho.
Gullvinnar Kim vil heller ikkje ha meir snakk om saka.
– Dommarane har dømt, og eg er ikkje den rette til å seie noko om det, seier Kim.