– Eg er tysk når vi vinn, men immigrant når vi taper, sa Özil i sin oppsiktsvekkande tale då han slutta på landslaget i sommar.
Dei regjerande verdsmeistrane Tyskland rauk overraskande ut allereie i gruppespelet i Russland. Fleire sentrale spelarar fekk kritikk for å ha prestert svakt, inkludert Mesut Özil.
– Ikkje rasisme på landslaget
Men sommarens store snakkis i tysk fotball vart likevel Özil sine påstandar om rasisme innanfor det tyske landslaget – som han kom med samtidig som han takka av etter 92 landskampar sidan debuten i 2009.
Toni Kroos har i likskap med Ôzil vore blant Tysklands viktigaste spelarar dei siste åra.
Foto: AXEL SCHMIDT / Reuters– Behandlinga eg har fått av forbundet og mange andre gjer at eg ikkje lenger ønskjer å ha på meg den tyske landslagsdrakta. Eg føler meg uønskt og føler det eg har oppnådd på landslaget sidan 2009 er blitt gløymt, utdjupa 29-åringen då.
No slår Tyskland- og Real Madrid-spelar Toni Kroos tilbake mot Özil sine påstandar.
– Ein del av avskjedstalen hans er korrekt adressert, men den blir dessverre overskygga av ein betydeleg dose tullprat. Eg trur han (Özil) veit veldig godt at det ikkje eksisterer rasisme verken på landslaget eller i forbundet, seier Kroos til avisa Bild.
Etter 23 mål på 92 kampar – og ein VM-tittel frå 2014 – takka Mesut Ôzil for seg på landslaget i sommar.
Foto: LUIS ACOSTA / AFPMøtte Erdogan
Den delen av talen Kroos meiner er rett adressert handlar om at Özil meinte han ikkje fekk nok støtte under den såkalla «Erdogan-feiden». Özil og lagkamerat İlkay Gündoğan, som begge har tyrkisk opphav (Özil er tredje generasjons tysk-tyrkar), let seg fotografere saman med den for mange kontroversielle tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan.
Her forstår Kroos altså sin tidlegare lagkamerat betre. Men alt i alt synest han at Özil sin landslagsavskjed var trist og unødvendig.
– Mesut er ein respektert landslagsspelar og hadde fortent ein betre sorti. Måten han forlèt landslaget på var ikkje i orden, seier Toni Kroos til Bild.
PS. Tidlegare har også det tyske forbundet tilbakevist Özil sine rasismepåstandar.
Memut Ôzil og İlkay Gündoğan (til venstre) fekk kritikk for å ha stilt opp på bilete saman med den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan. Gündoğan kalla Erdogan «min president», sjølv om Manchester City-spelaren verken er fødd i Tyrkia eller har tyrkisk pass.
Foto: KAYHAN OZER / AFP