Hopp til innhold

Landslagssjefen etter femmålstapet: – No blir det ein himla krig

Norges handballkvinner er ille ute etter femmålstapet mot Montenegro, og OL-plassen kan ryke om det ikkje blir storsiger mot Romania laurdag.

Stine Skogrand

PÅ STUMPANE: Norge risikerer å ikkje kome til OL etter femmålstapet mot Montenegro

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB

Blir det tap også mot Romania laurdag, vil OL i sommar gå utan Norges kvinnelag for første gong sidan 2004. Stortapet på 23-28 mot Montenegro kan også føre til at Norge blir slått ut på for dårleg målskiland.

NRKs handballekspert Håvard Tveten hadde ikkje venta dette.

– Eg vil seie at det er ein av dei største sensasjonane i kvinnehandball på veldig mange år om Norge ikkje går til OL, på bakgrunn av resultata dei siste åra. Det vil vere ei gigantisk bombe, sjølv om det er ein hard kvalik, seier han.

– Dei har kniven skikkeleg på strupen i neste kamp. Det er jo slik at målskilnaden kan bli avgjerande i denne kvalifiseringa, seier Tvedten.

Landslagssjef Thorir Hergeirsson prøvde å halde optimismen oppe, og sjå fram til kampen laurdag.

– OL-reisa blir ganske mykje lengre etter dette

Thorir Hergeirsson

BETENKT: Landslagssjef Thorir Hergeirsson får ein jobb med å få laget tilbake på sporet mot Romania laurdag

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB

– Vi står saman om dette. I morgon må vi spele vår alle beste kamp på lenge. Vi må ha to poeng og plussmål til slutt, men det blir ein himla krig, sa landslagssjefen Thorir Hergeirsson.

Montenegro-jentene gråt av glede etter kampen, vel vitande om at dei har ein fot i OL.

TVNorge-ekspert Geir Oustorp har ikkje gitt opp OL-håpet.

– Romania er eit bra lag, men viu veit Norge er betre enn dei viste i dag. Sjansen for at vi får pluss-målskilnad er der. Vi må vinne med seks mål. Vinn vi ikkje med minst seks, er vi avhengige av kampen søndag, seier Oustorp til NRK.

Om kampen i dag meiner han at det var kollektiv kollaps, og at mange spela under pari.

– Vi spela oss til mange gode sjansar, men får ikkje ballen i mål. Eg trur vi brenner 15 skot åleine med keeper.

Får konsekvensar for rankingen

Oustorp fryktar også konsekvensane på rankingen ved seinare kvalifiseringar om vi ikkje kjem til OL.

– Norge gjorde dårlege meisterskap i 2018 og 2019, og risikerer dermed dårlege seedingar, meiner han.

– Vi venta ein jamn kamp, men vi venta ikkje dette. Det svikta over heile linja. Ingen har ein god kamp, då vinn du heller ikkje kampar. Vi hadde nesten ikkje kontringar eller redningar i kveld. Vanlegvis greier vi å ta oss inn etter å ha kome skeivt ut, men det skjedde ikkje, sa Ida Alstad i TVNorges studio.

– Dette er langt frå godt nok. OL-reisa blir ganske mykje lengre, sa landslagssjef Thorir Hergeirsson til TVNorge.

Han ville ikkje peike på syndebukkar.

– Det er aldri lurt når ein er skuffa rett etter eit tap.

Veronica Kristiansen er veldig glad for at det er ny kamp så snart.

– Eg kjende at vi stressa veldig med å score når vi låg under. Vi blei jagande heile tida. Men det er ny kamp snart. Den må vi mobilisere litt for det er håp.

Stine Bredal Oftedal supplerer:

– Vi veit at Romania er eit vanvittig bra lag. Vi må vere meir med, vi må vere meir fysiske og få sett den farten vi er gode på.

Bomma med 20 skot

– Det er farleg med analysar når ein er skuffa rett etter ein kamp. Berre siste kvarteret før pause var bra. Elles heng vi ikkje i hop. Dei kom med det spelet som vi venta, men vi fann aldri gløden. Kanskje blir vi for opptatt av resultatet. Vi bomma med 20 skot, det er dyrt, seier landslagssjef Hergeirsson.

Montenegro sjokkopna kampen heime i Podgorica, og leia 6–2 etter sju minutt, og 9–4 fem minutt seinare. Norge svikta i begge endar av bana, og hang på ingen måte saman.

Men etter at Thorir Hergeirsson tok ein timeout etter 12 minutt, tok Norge til å få skikk på spelet. Ikkje minst etter eit ball vellykka innbyte der Malin Aune kom inn. Ho scora fire før pause, og var ei solid årsak til at Norge gradvis tok innpå. Ved pause var Montenegros leiing berre eitt mål: 13–12.

Nora Mørk

STRAFFER: Nora Mørk scora tre straffemål

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB

Nora Mørk scora på tre av sine fire straffer i første omgang.

– Det blei for mange bomskot i første omgang, men vi er på gang, sa assistenttrenar Tonje Larsen til Eurosport i pausen.

Kom aldri i gang etter pause

Men det opna dårleg for Norge også etter pause. Ti minutt ute i omgangen stod det 21–16 til montenegrinarane.

– Det må leggast ned eit godt stykke arbeid her. Montenegro er gode, sa ekspert Geir Oustorp.

Men det krafttaket som skulle til, kom aldri. Montenegro sleppte aldri Norge innpå, og heldt seg 4–5 mål føre. Hergeirssons timeout denne gongen hjelpte heller ikkje.

To av dei tre laga i gruppa går til OL i Tokyo i sommar. Dermed kan kampen mellom Romania og Montenegro søndag bli avgjerande for Norges OL-skjebne.

Nederlaget er berre det andre norske for Montenegro. Det første var i EM-finalen i 2012. Same året slo Norge Montenegro i OL-finalen i London.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Regjerende mester Molde slapp med skrekken – snudde til seier etter Sarpsborg-utvisning

    Sarpsborg 08 var nær en skikkelig cupbombe, før Sondre Ørjasæter ble sendt i dusjen. Da snudde de regjerende mesterne Molde til 4-2-seier på hjemmebane.

    Dermed lever fortsatt Moldes drøm om å forsvare NM-tittelen.

    Det var Sarpsborg som kom best ut fra startblokkene da Peter Reinhardsen sendte Sarpsborg i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Tre minutter inn i 2. omgang utlignet Kristian Eriksen for Molde, men det resultatet holdt seg ikke i ett minutt engang før Sondre Ørjasæter sendte østfoldingene i ledelsen igjen.

    Dessverre for 20-åringen var veien kort fra helt til syndebukk da han satte inn en grisetakling på Eirik Haugan. Det resulterte i hans annet gule kort og marsjordre.

    Dermed åpnet det seg store rom for de regjerende mesterne, som satte inn to raske mål signert Anders Hagelskjær og Magnus Wolff Eikrem.

    Med åtte minutter igjen på klokken fastsatte Eirik Hestad resultatet for vertene.

    I Bærum tok Stabæk seg videre med 5-1-seier over divisjonskollega Bryne, mens Sandnes Ulf vant 5-3 borte over Eidsvold Turn. Fredrikstad sikret seg også avansement med 3-2 borte over Raufoss.

    Etter ekstraomganger klarte også KFUM å ta seg videre med 3-2-seier over Lysekloster, mens Vålerenga tok seg videre på straffet på bekostning av HamKam. (NTB)

    Kristian Eriksen
    Foto: NTB
  • Beltran sendte Fiorentina til conferenceligafinalen – 4-3 sammenlagt over Vetlesen og Nusas Brugge

    Lucas Beltran ble den store helten da han sikret 1-1 til Fiorentina borte mot Brugge i semifinalen i conferenceligaen.

    Italienerne hadde nemlig en 3-2-ledelse fra det første oppgjøret og er dermed klar for finalen i conferenceligaen med 4-3-seier sammenlagt.

    Hugo Vetlesen startet kampen for Brugge og pådro seg et gult kort før han ble byttet ut etter 70 minutter. Antonio Nusa startet på benken, men kom inn etter 86 minutter.

    Brugge fikk en drømmestart på kampen da Maxim De Cuyper stanget vertene i ledelsen etter 20 minutter. Dermed sto det også likt mellom lagene.

    Dessverre for belgierne pådro de seg en straffe da det bare sto igjen fem minutter på klokken. Den banket Beltran i nettmaskene bak Simon Mignolet.

    Vetlesen
    Foto: AP
  • Hoppkvinnene får utvidet skiflygingsrenn i Vikersund neste sesong: – Et veldig stort skritt

    Neste sesong skal for første gang 25 kvinnelige hoppere få delta i et skiflygningsrenn i Vikersund. Det blir også renn i Holmenkollen, tross VM i Trondheim.

    Det ble klart da hoppkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) hadde møte i slovenske Portoroz onsdag.

    – Vi er stolte over at vi får til en Raw Air-turnering også i VM-året i Trondheim, og vi gleder oss ekstra til å vise fram VM-heltene i Holmenkollen og Vikersund bare noen dager etter mesterskapet, forteller prosjektleder for turneringen, Ståle Villumstad.

    Til tross for at det skal arrangeres ski-VM i Trondheim mellom 28. februar og 9. mars, har også Holmenkollen fått hopprenn bare fire dager etter mesterskapet, på en torsdag.

    Forrige sesong satte Silje Opseth verdensrekord i Vikersund, og hun gleder seg nå over at 25 kvinner skal få delta i 2025. Denne sesongen var det 17. (NTB)

    Silje Opseth
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal