Alle skikrets-leiarane stiller seg bak skistyret og skipresidenten i Therese Johaug-saka og gir uttrykk for full tillit. Norges Skiforbund slår det fast i ei pressemelding.
«Samtlige kretsledere i Norges Skiforbund ønsker derfor å formidle at de har full tillitt til Skistyret, Skipresidenten og Langrennskomiteen i forbindelse med den alvorlige situasjonen Norges Skiforbund nå er i», skriv Norges Skiforbund i pressemeldinga dei sende ut fredag kveld.
For akkurat samtsundes var Knut Bjørklund, leiar i Troms idrettskrets, direkte på lufta i Dagsnytt 18. Han er kritisk til leiinga i Skiforbundet.
– Uansett er det som har skjedd eit leiaransvar, og det ansvaret tar ikkje norsk idrett inn over seg, sa Bjørklund.
– Høflegheit viktigare enn ærlegdom
Han meiner leiinga skulle stilt sine plassar til disposisjon.
– Fordi det som skjer no, er veldig uheldig og typisk for norsk idrett for tida. Allereie før røyken har lagt seg og vi veit noko som helst, går skikretsleiarane ut og gir sin fulle støtte til skistyret, skipresidenten og langrennskomiteen.
– På den måten set dei sin eigen organisasjon sjakk matt, i staden for å krevje intern oppvask – om så ved å kalle inn til eit ekstraordinært ting.
– Kan du sjølv ta initiativ til dette?
– Ikkje overfor skiforbundet, det er eg ikkje i posisjon til. Eg kan bidra til å få tatt saka opp i idrettsforbundet.
– Men også innan idrettsforbundet er det dessverre slik at det å vise seg danna og høfleg går framfor å vere ærleg og oppriktig i norsk idrett, seier leiaren i Troms idrettskrets.
– Lite profesjonell handtering
Riksrevisor Per-Kristian Foss var i Dagsnytt 18 klar på at leiinga må ta ansvaret.
– Inntrykket ein får av leiarane er at dei prøver å skyve ansvaret nedover, slik at alt ansvaret er lagt på ein person, nemleg legen. Det er utruleg at dei har eit system utan kontrasjekk og med fleire inne i biletet, sa den tidlegare Høgre-leiaren.
Han kalla handteringa lite profesjonell.
– Det er utruleg om leiinga går klar så dramatiske systemsvikt som vi ser her. Det er støtteapparatet som sviktar, ikkje utøvarar eller enkelte legar, seier Foss, som strekar under at han uttalar seg som ski-entusiast og privatperson.
– Kva hadde du sagt som riksrevisor dersom det var du som skulle gjennomgå denne saka?
– Ein gjennomgang av forvaltningsrevisjonen ville nok ført til betydeleg forslag til forbetringar.
Lovar skjerpa rutiner
Landslagssjef Vidar Løfshus lovar rutineskjerpingar.
– Generalsekretæren har bedt meg om å lage ei oversikt over rutinene vi har i medisinsk behandling, seier han til NRK. Allereie tysdag skal den oversikta vere klar.
– At det vil føre til endringar, er nokså klart, seier Løfshus.