Katusha risikerte nyleg inntil 45 dagar suspensjon av Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) etter to dopingsaker på under tolv månader, men slapp straff fordi den eine saka gjaldt bruk av party-dopet kokain.
Men no står Kristoffs arbeidsgjevar overfor eit nytt problem. Katusha er medlem av Bevegelsen for truverdig sykkelsport (MPCC), ein uavhengig organisasjon med eige regelverk.
President Roger Legeay fortel til NRK at MPCC vil reagere knallhardt på saka.
– Det er viktig for oss å vere nådelause. Sykkelsporten har hatt Festina-skandalen, Lance Armstrong-skandalen og fleire andre saker som har skada sporten sitt omdømme, seier Legeay til NRK.
– Nyleg blei det også avdekka juks med elektrisk motor på sykkel under ritt. Det er svært viktig at vi er aggressive i kampen mot bruk av ulovlege midlar. Dette handlar om sykkelsporten si framtid.
– Kokain like alvorleg som EPO og amfetamin
Legeay, som tidlegare var Thor Hushovds manager i Credit Agricole, er frustrert over UCIs konklusjon.
– Det internasjonale sykkelforbundet meiner at Luca Paolinis kokainbruk ikkje hadde samanheng med eit ønske om å yte betre på sykkelsetet, men kokain er likevel forbudt å bruke i sykkelsporten, seier Legeay til NRK.
Han meiner det sender dårleg signal til omverda ikkje å straffe Katusha.
– For MPCC er kokain det samme som EPO og amfetamin. Det er forbudt, seier Legeay.
Ifølgje MPCC sitt regelverk må eit lag som får to dopingsaker i løpet av tolv månader ilegge seg sjølv åtte dagar suspensjon frå ritt.
No ventar organisasjonen på Eduard Vorganovs B-prøve. Russaren avla positiv A-prøve for stoffet meldonium i jaunar.
Dersom Vorganovs B-prøve er positiv må Katusha ta straffa umiddelbart.
– Dersom B-prøva kjem før Paris-Nice, vil Paris-Nice vere rittet dei må stå over. Dersom B-prøva kjem før Milano-Sanremo må dei stå over Milano-Sanremo, seier Legeay.
Legeay til Katusha: – Respekter regelverket
Ifølgje Legeay kan Katusha kun sleppe straff dersom dei trekk seg ut av MPCC.
Det vil i så fall vere dobbeltmoralsk av det russiske laget, meiner presidenten.
– Katusha er medlem av MPCC. Dei har sjølv spurt om å få vere ein del av organisasjonen.
– Det er både dårleg og galt om ein først aksepterer regelverket, for så å ikkje følge regelverket når laget får problemer, legg Legeay til.
– Om dei ikkje respekterer regelverket har dei ingen sjølvrespekt, fastslår presidenten.
MPCC-presidenten meiner at Katusha no har sjansen til å vise at dei meiner alvor i kampen mot doping.