Sportsnyheter

Sommer-OL i Tokyo 2021

Sølvvinneren rennes ned av meldinger – Rodal måtte felle en tåre

TOKYO/OSLO (NRK): Sleggekaster Eivind Henriksens OL-sølv rørte mange. Én av dem var friidrettslegenden Vebjørn Rodal.

Siste nytt

  • Betre for Daffinrud torsdag

    Tonje Daffinrud gjekk andre runde i golfturneringa på to slag over par, lang betre enn den vonde opningsrunden på pluss 10 onsdag.

    Torsdag opna ho med åtte hol på par i 36 graders varme på bana i Tokyo. Så følgde tre strake bogeyar, før tre nye på par.

    Så greidde ho birdie på hol 15 og 17, men fekk ein bogey igjen på det siste holet.

    Daffinrud er framleis sist i feltet med 12 over par. Kanadiske Nelly Korda har ei klar leiing, men ikkje alle er ferdige med runden enno.

    Tonje Daffinrud
    Foto: Yoshi Iwamoto / AFP
  • Diskos-oppmuntring for Roe

    Martin Roe er framleis nummer 20 i tikampen, men fekk ein opptur i diskos.

    Der kasta han 48,37 meter, og det heldt til fjerdeplass i øvinga.

    Tre øvingar gjenstår for tikjemparane: Stav, spyd og 1500 meter. Kanadiske Damian Warner har ei klar leiing etter sju øvingar.

    Martin Roe
    Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters
  • Richardo-gull på nesten 18 meter

    Portugals Pedro Richardo tok gullet i tretsteg. Vinnarhoppet målte 17,98 meter, eit resultat han fekk i tredje omgang.

    Begge hans to første hopp målte 17,61. I dei tre siste omgangane hoppa han dødt to gonger og stod over ein.

    Portugisaren var suveren i konkurransen. Kinearen Yaming Zhu tok sølvet med 17,57, og Hugues Zango frå Burkina Faso bronsen med 17,47.

    Pedro Richardo
    Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal