- Eg fryktar ikkje å bli utestengd frå idretten på livstid, rett og slett fordi det ikkje har konsekvensar for meg, seier Kran til NRK.
- Kva med bot?
- Bot blir det ikkje, same kva Gunnar Martin Kjenner meiner, seier Kran. - Kjenner seier så mykje rart.
Kran meiner også at granskingsrapporten etter det store underskotet som vart avdekka i fjor, var mangelfull.
- Rapporten ser ikkje heilskapen, men tar berre tak i nokre få saker. Han nemner til dømes ikkje at det var vi som klarte å endre tippenøkkelen slik at 50 prosent av overskotet frå Norsk Tipping no går til idretten, seier han.
- Eg ser mykje som eg og Egeberg kunne gjort annleis. Men det vil eg ikkje kommentere, seier Kran til NRK.
- Kvifor ikkje?
- Fordi eg ikkje vil.