Kompensasjon på nesten 800 mill kr
UEFA skal betale ut 70 mill euro (nesten 800 mill kroner) til klubbar som avgir spelarar til landskampar.
Dette er pengar som normalt blir utbetalt etter at kvalifiseringskampar for EM er spela. Men på grunn av fotballstansen under krona-krisa, blir desse pengane utbetalte no, vedtok UEFA i dag.
Om lag 580 av desse millonane går til dei 39 nasjonane som ikkje er med i omspelkampane fram mot EM, som altså er utsett til neste år.
Rundt 200 millionar går til klubbar som avgir spelarar til dei 16 laga som skal ut i omspel om dei fire siste EM-plassane, mellom dei Noreg.
Desse laga får også 30 mill kroner til fordeling seinare.