Det melder klubben sjølv på si nettside.
Everton ligg under nedrykksstreken i Premier League etter 2-5 på heimebane mot Arsenal i går. Den kampen såg både styreleiar Bill Kenwright og hovudaksjonær Farhad Moshiri frå ærestribunen.
Dermed var det slutt på tolmodet hos klubbstyret, og i ettermiddag kom meldinga om at Koeman var sparka etter 16 månader i klubben.
Ronald Koeman blei henta til Everton frå Southampton i fjor sommar, kort tid etter at Farhad Moshiri kjøpte aksjemajoriteten i klubben. Han leia klubben til sjuandeplass og europaliga-deltaking i sin første sesong.
I sommar brukte han nærmare 150 millionar pund på spelarkjøp, og målet var å ta kampen opp om ein plass blant dei fire beste i Premier League. Men i staden har Everton skuffa stort i både liga og europaliga i haust, og fall søndag ned på tredje siste plass på tabellen. Dei har berre scora sju mål på ni ligakampar.
Everton har tapt fem av sine siste sju ligakampar, og har berre teke eitt poeng på sine tre første kampar i europaligaen.
Evertons neste kamp er borte mot Chelsea i ligacupen onsdag, og ifølgje The Guardian er det truleg U23-trenar David Unsworth som skal leie laget i den kampen.
Ronald Koeman er den tredje Premier League-manageren som mister jobben denne sesongen. Dei to første var Frank de Boer i Crystal Palace og Craig Shakespeare i Leicester.