Roboten AV1 gav 14 år gamle Jack McLinden sjansen til å vere maskot for favorittlaget sitt Everton i kampen mot Newcastle i kveld.
Jack er lenka til rullestolen og får ikkje går på kamp sjølv. Men AV1 gav han sjansen til å representere Everton ved opninga av kampen.
Derfor bar kaptein Phil Jagielka med seg roboten då laga entra Goodison Park.
– Vi er overlukkelege over å kunne gi Jack denne opplevinga, og gi han eit minne for livet, seier Scott McLeod i Everton.
AV1 er utvikla av det norske selskapet No Isolation og lansert for knappe to år sidan. Selskapet med utviklar Karen Dolva i spissen fekk hjelp frå både Sunnaas sjukehus, St. Olavs hospital og Universitetet i Oslo.
Utvikla for undervisning
Hovudføremålet er å gi sjuke barn sjansen til å sende «auge og øyre» til skule og klasserom når dei ikkje sjølve har høve til å vere til stades.
Det er denne oppfinninga som Everton no har teke i bruk for å gi fans som Jack McLinden sjansen til å oppleve ein kamp som om han var til stades. Eller å vere maskot, for første gong i verdshistoria.
Roboten som Jagielka bar med seg ut på bana er 27 centimeter høg og veg 1 kilo. Batteriet skal halde i åtte timar, eller ein skuledag, ifølgje dinside.no.
– Vi trur denne roboten kan bli til enorm hjelp for barn med komplekse behov, og som ikkje kan vere til stades der dei ønskjer, seier Colin Dyer, leiar av Wellchild, den nasjonale velferdsorganisasjonen for alvorleg sjuke barn og familiane deira.
Jack kunne juble for tre poeng
Everton svara med å gi Jack McLinden ein hyggeleg kveld. Laget slo Newcastle 1-0 etter ei scoring av Theo Walcott seks minutt etter pause. Newcastle-forsvarets forsøk på avklaring var dårleg, og Walcott kunne smelle ballen i nettaket.
Kampen var sjansefattig og lite innhaldsrik. Newcastle pressa sterkt mot slutten mot slutten, og 40 sekund på overtid av overtida måtte Everton redde det som kunne blitt sjølvmål heilt inne på streken. Men alle poenga gjekk til Everton.